Professor eller førsteamanuensis i odontologi (oral protetikk) ved Institutt for klinisk odontologi
Søknadsfrist: 19.04.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Professor eller førsteamanuensis i odontologi (oral protetikk)
Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som professor eller førsteamanuensis (100 %) i odontologi (oral protetikk) ved Institutt for klinisk odontologi. Det er ønskjeleg å tilsette i 100 % stilling, men stillingsprosentar frå 50 % - 100 % kan verte vurdert. Arbeidsstad er Institutt for klinisk odontologi, Årstadveien 19, Bergen.
Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Institutt for klinisk odontologi har fire forskingsgrupper som forskar på stamceller og vevsregenerasjon, biomaterialar, infeksjon og inflammasjon og oral helse i ei brei klinisk og populasjonabasert tilnærming. Instituttet gir undervisning på bachelor-, master- og spesialistnivå, i tillegg til rettleiing av ph.d.-kandidatar og undervisning på kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med eksamen utanfor EU/EØS.
Vi søkjer ein vitskapleg tilsett med sterk fagleg kompetanse innan oral protetikk, og med forskingserfaring frå relevante underområde innan oral protetikk. Den som vert tilsett, skal vere klinisk oppdatert og bidra i den kliniske undervisninga av studentar i odontologi, tannpleie, kvalifiseringsprogram og spesialistkandidatar i oral protetikk.
Stillinga inneber tett samarbeid med andre fagseksjonar både i teoretisk og klinisk undervisning. Gode samarbeidsevner vert derfor vektlagde. Vidare vert det lagt vekt på gode pedagogiske eigenskapar og dokumentert undervisningserfaring.
Søkjaren må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til klinisk og teoretisk undervisning i fagområdet oral protetikk, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og vidare aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har norsk autorisasjon som tannlege og er godkjend spesialist i oral protetikk, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.
Det er eit krav for både førsteamanuensis- og professorstilling at utdanningsfagleg kompetanse vert fullført seinast to år etter tilsetjing, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Universitetet tilbyr opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, og det vert kravd at den som vert tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. Universitetet i Bergen tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Professor:Løn er for tida kr 970 000 (kode 1013), eller løn for spesialist kr 990 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Førsteamanuensis:Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-format
Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte førsteamanuensis Ulrik Leidland Opsahl, e-post: ulrik.opsahl@uib.no, mobil 412 27 714 eller instituttleiar professor Asgeir Bårdsen, e-post: asgeir.bardsen@uib.no, mobil 928 91 090.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli verte offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du verte positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.