LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Professor eller førsteamanuensis i medisinsk etikk og vitenskapsteori

Søknadsfrist: 09.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor eller førsteamanuensis

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling (50 %) som professor eller førsteamanuensis i medisinsk etikk og vitenskapsteori ved Institutt for Global helse og samfunnsmedisin (IGS).

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Institutt for globalhelse og samfunnsmedisin for etikk og helseøkonomi (ETØK) har forskingsgrupper som forskar på etikk, prioritering, helseøkonomi og ledelse, og underviser lege- og tannlegestudentar, masterstudentar og PhD-kandidatar i disse emnene. Vi søkjer nå ein person som særleg kan undervise i forskningsetikk og vitenskapsteori. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for forskning og undervisning i medisinsk etikk og vitenskapsteori.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal undervise, planlegge og administrere undervisning for studentar ved det medisinske fakultet. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til forskningsetikk og vitskapsteori for master, phd og medisinutdanninga ved fakultetet (mellom annan HELVIT300, HELSAM301, MEDMET901) men også å bidra i anna undervisning ved Det medisinske fakultet er ansvarleg for. Den som vert tilsett skal rettleie master- og phd-studentar, samt medisinstudentar som skriv hovudoppgåve, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Den som vert tilsett skal initiere og leie forskningsprosjekt og det vert forventa at den som vert tilsett regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har doktorgrad i forskningsetikk, vitenskapsteori eller anna relevant fagfelt (bioetikk, medisinsk etikk, filosofi) og har god kjennskap til norsk helseteneste. Ha helsefagleg bakgrunn, helst cand. med. og ha erfaring med undervisning av studentar i forskningsetikk og vitskapsteori og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Vi vil legge vekt på kompetanse i teoretisk og anvendt forskningsetikk, spesielt resultat frå dei siste 5 – 7 åra. Den ideelle kandidaten bidreg aktivt i fagmiljøet gjennom forsking, undervisning og rettleiing på høgt nivå, og søkjar jamleg på nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid. Søkjar må ha erfaring med rettleiing på master- eller phd-nivå. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga. Ved vurdering av søkjarane vil vi legge stor vekt på personlege eigeskaper og pedagogiske kvalifikasjoner.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Professor:Løn er for tida kr 919 200 (kode 1013, lønssteg 82). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Førsteamanuensis:Løn er for tida kr 708 000 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS