Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor / førsteamanuensis (50 % vikariat) i medisin - leiar av Ferdighetssenteret

Søknadsfrist: 01.12.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Professor/førsteamanuensis (50 % vikariat) i medisin - leiar av Ferdighetssenteret

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig eit vikariat som professor/førsteamanuensis (50 %) i medisin og som leiar av Ferdighetssenteret. Vikariatet er ledig i tre (3) år. Søkjarane vil verte vurderte i forhold til kvalifikasjonar og naudsynte eigenskapar for leiarstillinga.

Ferdighetssenteret er ei stor og viktig satsing ved fakultetet, og vi søker difor ein motivert og entusiastisk leiar for verksemda. Ferdighetssenteret held til i moderne lokale i Bygg for biologiske basalfag, og har som føremål å støtte opp om fakultetet sine studieprogram gjennom tilbod om trening og opplæring i praktiske ferdigheiter i vid forstand. Les meir om Ferdighetssenteret her.

Leiar har det øvste ansvaret for den daglege drifta, har arbeidsplass ved senteret med faste treffetider og skal vere leiar for andre tilsette og eit stort tal studentinstruktørar.

Stillinga kan kombinerast med anna relevant stilling, som til dømes lege ved Haukeland universitetssjukehus, anna samarbeidande sjukehus eller private eller offentleg legeverksemd. Forskinga vil fortrinnsvis verte knytt til ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved Klinisk instittutt 2. Fagleg vil stillinga også verte knytt til Eining for læring, fakultetet si satsing på pedagogisk forsking og utviklingsarbeid. Les meir om Eining for læring her.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • leie verksemda og undervise ved Ferdighetssenteret
  • den som skal tilsetjast må kunne dokumentere eiga forsking
  • organisere kursverksemda
  • disponere lokale/areal, uttyr og materiell
  • rekruttere og lære opp instruktørar og undervisningsassistentar
  • halde faste driftsmøte med dei tilsette og undervisningsassistentane
  • utarbeide detaljerte planar for ressursbruk for eit år om gangen (inkludert planlagde kurs med tilhøyrande behov for undervisningsressursar, utstyr og areal, og årsrapportering til styringsgruppa inkludert forslag til kursportefølje, budsjett, driftsomfang og utstyrsinvesteringar.)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege. Godkjent spesialitet i relevant klinisk fagområde er ein føremon, men ikkje eit krav
  • søkjar må ha norsk ph.d.-grad i medisin eller tilsvarande kompetanse
  • relevant leiarerfaring er ein føremon
  • den som skal tilsetjast må kunne dokumentere eiga forsking. Det vil verte lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eiga nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt, og evne til å skaffe eigne forskingsmidlar
  • søkjar må kunne vise til strategiske planar for utvikling av Ferdighetssenteret
  • erfaring med leiing og rettleiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og erfaring frå forskingsstrategisk arbeid vil verte vektlag
  • undervisningserfaring frå liknande verksemd er ein føremon, like eins erfaring med anna klinisk undervisning, pedagogisk utviklingsarbeid, eksamensarbeid eller forsking med relevans for universitetspedagogikk eller undervisning
  • pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga, sjå retningsliner http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • det vert lagt vekt på vilje og evne til samarbeid

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 77-79 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 741 300 - 789 200 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66-72 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-667 200, eller lønssteg 68-74 (spesialistutdanning) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg (pedagogisk mappe) som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis) i PDF-format
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS