LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Fast stilling som professor / førsteamanuensis (100%) i grafikk / teikning

Søknadsfrist: 31.01.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Fast stilling som professor/førsteamanuensis (100%) i grafikk/teikning

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei fast stilling som professor/førsteamanuensis (100%) i kunst med hovudfokus på grafikk/teikning. Stillinga er ledig frå januar 2021.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst inviterer aktive biletkunstnarar med omfattande kunstnarleg verksemd på høgaste nivå etter internasjonal standard til å søke stillinga som professor/førsteamanuensis i kunst med hovudfokus på grafikk og teikning. Søkjarar må ha eit medvite og undersøkande forhold til dei grafiske media si stilling innanfor samtidskunst, og evne til å styrke og utvikle den kunstfaglege diskursen omkring grafiske media og teikning. Professor/førsteamanuensis skal, i nært samarbeid med kollegaer, definere og utvikle KU- (kunstnarleg utviklingsarbeid) profilen til dette fordjupingsområdet ved instituttet. Søkarar må vise god forståing for samtidskunsten sine nyare teoretiske diskusjonar samt evne til å formulere tema, spørsmål og strategiar for vidare utvikling av grafikk og teikning ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst.

Vi søker ein biletkunstnar med spisskompetanse innan fagfeltet grafikk/teikning med ambisjonar om å utvide og teste grensene for kva kunstnarleg praksis kan vere, og med interesse og openheit for andre kunstnarlege uttrykksformer og moglege koplingar mellom desse. Søkjarar bør ha brei praktisk erfaring, ein sterkt kontekstualisert praksis og ei teoretisk forståing av det kunstnarlege feltet og feltets historiske, estetiske, sosiale og politiske utvikling og samanheng.

Søkarar bør vidare ha eit sterkt fokus på kunstnarleg utviklingsarbeid/forsking og kunne dokumentere kritisk refleksjon omkring kunstnarlege prosessar som kan takast inn i undervisninga.

Fordjupingsområdet grafikk/teikning er ein integrert del av instituttet sitt samla undervisningstilbod. Den som vert tilsett, må kunne rettleie på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, og kunne vere hovudrettleiar for studentar som arbeider innan andre medium/uttrykk.

Professor/førsteamanuensis vil arbeide nært med dei andre i fagstaben og vere delaktig i den faglege diskusjonen om instituttet sin profil og undervisningsopplegg.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning og rettleiing.
  • Ansvar for undervisning i spesialfelt.
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid, prosjektutvikling/-leiing inkludert.
  • Hovudrettleiar for ph.d.-, MA- og BA-studentar.
  • Rekruttering av ph.d.-, MA-, og BA-studentar.
  • Formidling.
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene.
  • Administrative og faglege koordineringsoppgåver og andre styringsoppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

For stilling som professor:

For stilling som førsteamanuensis:

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde eller dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og med ei særleg fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen.

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå, sjå Reglar for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskapelege stillingar.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Gode samarbeidsevner med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Dokumentert evne til å skaffe eigne forskingsmidlar.

Undervisningsspråket er skandinavisk eller engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesing for instituttet sin stab og studentar.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • For stilling som professor (kode 1013) i lønnssteg 79 - 81 (for tida kr. 792.700 - 840.900 brutto i fulltidsstilling). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn. For stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i lønnssteg 64 - 72 (lønsramme 24:8, med løn kr. 575.600 - 670.100 brutto i året i fulltidsstilling). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søkjaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Frans Jacobi, tlf: 55 58 74 84, e-post: frans.jacobi@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

(Ved utlysing og tilsetting i stillingsgrupper der kvinneandelen er under 40 % skal Universitetet i Bergen anvende moderat kjønnskvotering. Dette inneber at det ved utlysning av slike stillingar skal tas inn i utlysningsteksten ei særleg oppmoding til kvinner om å søkje. Følgjande tekst skal då tas inn i utlysninga: «Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.»).

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS