LEDIG STILLING VED OSLOMET

Førsteamanuensis / førstelektor / universitetslektor i pedagogikk

Søknadsfrist: 01.08.2021

OsloMet

OsloMet – storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier (LUI) har ca. 550 ansatte og 7000 studenter, og holder til i Oslo og Akershus. Fakultetet består av fire institutter og Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO). Fakultetet utdanner fremtidens lærere fra barnehage til og med videregående skole, i nært samarbeid med praksisfeltet. Fakultetet tilbyr ph.d. i utdanningsvitenskap for lærerutdanning. I tillegg tilbyr fakultetet utviklingsstudier og utdanning i tegnspråk og tolking. Mangfold er en kjerneverdi for fakultetets virksomhet. Forsknings- og utviklingsarbeidet er profesjonsrettet, praksisnært og internasjonalt orientert.

Institutt for grunnskole- og faglærerutdanning (GFU) har sterke fagmiljøer innen skolefag, pedagogikk og digital kompetanse og utdanner lærere til norsk skole i nært samarbeid med praksisfeltet. Instituttet tilbyr bachelor- og masterstudier og bidrar til kompetanseheving av ansatte i skolen gjennom etter- og videreutdanning.

Vil du bli vår nye kollega og vere med på å utdanne lærarar for framtida?

Ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium er det ledig to 100 % midlertidige stillingar, som førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor i pedagogikk med tilsetjing frå 01.08. 2021, eller etter avtale, fram til 31.07. 22.

Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning står midt oppe i spennande utfordringar med implementering av femårige masterutdanningar for grunnskolelærarar og utvikling av skoleutviklingsprosjekt. For å nå våre ambisjonar søker vi dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Les meir om fakultetet, instituttet og forskargruppene våre.

Arbeidsoppgåver:

  • undervise og rettleie på bachelor-, master- og evt. ph.d.-nivå, samt etter- og vidareutdanningar
  • følgje opp studentar i praksis
  • bidra i arbeidet med å vidareutvikle fagmiljøet og utdanningane ved instituttet
  • utføre fagleg-administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetjing i stilling som førsteamanuensis krevst det doktorgrad i pedagogikk eller tilsvarande.
  • For tilsetjing i stilling som førstelektor krevst det embetseksamen, hovudfag eller mastergrad i pedagogikk og dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarer til arbeidsmengd og nivå for ei doktorgradsavhandling.
  • For tilsetjing i stilling som universitetslektor i pedagogikk krevst det mastergrad, hovudfag eller embetseksamen. Fortrinnsvis vil dette være søkjarar som har påbegynt kvalifisering for førstestilling.
  • Søkjaren må dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:

  • undervisnings- og rettleiingsrøynsle på bachelor- og masternivå
  • pedagogiske evner
  • brei kjennskap til og/eller røynsle frå arbeid med ulike pedagogiske område. Spesielt etterspurt er: begynnaropplæring, skoleleiing, spesialpedagogikk, profesjonspedagogikk, men også andre område innan pedagogikkfaget kan vere interessante.
  • god digital kompetanse, inkludert røynsle med studentaktive læringsformer og bruk av digitale undervisnings- og vurderingsverktøy
  • god evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk og engelsk. Søkjarar som ikkje har eit av dei skandinaviske språka som morsmål, må kunne dokumentere både munnleg og skriftleg språkdugleik.

Generelle kriterium for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for OsloMet å spegle folkesetnaden i regionen. Vi arbeider aktivt med å utvikle OsloMet vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje arbeidsplassen til rette dersom det er behov for det. Vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen, òg søkjarar som har opplevd periodar i livet utan arbeid, utdanning eller opplæring.

Søknadsprosess:

Følgjande dokument må lastast opp innan søknadsfristen:

  • søknadsbrev
  • CV, inkl. publikasjonsliste
  • attestar og alle sider av vitnemål
  • to referansar med kontaktinformasjon

Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tekne til vurdering.

Vi tilbyr:

  • interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
  • tid til profesjonsnært forskings- og utviklingsarbeid
  • låne- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport

Andre opplysningar:

For nærare informasjon om stillingane kan følgjande kontaktast:

Stillingane blir lønt etter statens lønnsregulativ og OsloMets lønnspolitikk, som førsteamanuensis kode 1011/førstelektor kode 1198 lønnssteg 60-74 (frå kr 535 200,- til kr 694 000,- per år), og universitetslektor kode 1009 lønnssteg 51-66 (frå kr 458 900,- til kr 597 000,- per år). Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.

Søknader sendes elektronisk.

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere. OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment).

Referansenummer: 21/06478

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS