Ledig stilling ved Nord universitet

Førsteamanuensis i historie

Søknadsfrist: 29.09.2019

Er historie før 1750 fagfeltet ditt?

Om stillinga

Ved Nord universitet, Fakultet for samfunnsvitskap, studiestad Bodø, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i eldre historie (antikken/mellomalder/tidleg nytid).

Nord universitet

Nord universitet tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Utfordringar verda står overfor krev ny innsikt, innovative løysingar og lokal forankring. Nord universitet er eit ungt universitet med sterk regional tilknyting og eit globalt perspektiv. Vi leverer framtidsretta studietilbod og relevant forsking med fokus på blå og grøn vekst, innovasjon og entreprenørskap, og velferd, helse og oppvekst. Nord universitet har 12.000 studentar og 1.400 tilsette fordelte på ulike studiestader i Nordland og Trøndelag.


Fakultet for samfunnsvitskap (FSV) er eitt av fem fakultet ved Nord universitet. Fakultetet har ca. 2200 studentar fordelte på 6 mastergradstudium og 10 bachelorstudium i tillegg til fleire årsstudium og fordjupingsemne. Fakultetet har ca. 190 tilsette, inklusive stipendiatar og administrasjon.


Forskinga på fakultetet er organisert i fire faggrupper, der forskingsgruppa for historie inngår i faggruppa Historie, kultur og medium (HKM).


Fakultet for samfunnsvitskap har tilsette på tre ulike studiestader; Bodø, Steinkjer og Levanger. Det gis per i dag også undervisning på Stokmarknes og Mo i Rana.


Les meir: www.nord.no/fsv

Innanfor historieforsking ved Fakultet for samfunnsvitskap har satsinga vore på by- og regionhistorie, rettshistorie, langdistansehandel med regulering, lokalhistorie, økonomisk historie, stormaktspolitikk, fiskeri- og kysthistorie, romersk historie og samane si historie. Tidsspennet har vore på tida mellom antikken og nyare tid. Fakultetet har fleire forskingsmiljø, bl.a. knytte til; velferdsstatens teneste og brukarar; leiing, styring og innovasjon i offentleg sektor, og klima-, miljø- og ressursforvaltning i nordområda.

Den som blir tilsett i stillinga vil utfylle forskingsinteressene våre og også utvikle nye forskingsfelt. Vi søkjer å styrke både forsking og undervisning, og ser etter søkjarar med relevante nasjonale og internasjonale faglege nettverk, og som har lyst til å bygge eit sterkt, relevant og produktivt forskingsmiljø ved Nord universitet. Stillinga inngår i fakultetet sin undervisningsportefølje i historie, så vel på lågare grads nivå som høgare grads nivå. Den som blir tilsett kan rekne med varierte undervisningsoppgåver på alle nivå og innanfor breie kronologiske og emnevise rammer.

Ei spesialisering i urfolkshistorie og/eller samisk historie kan gi ein fordel i vurderingsprosessen. Arkeologar med dokumentert interesse i historisk arkeologi og evne til å undervise i historie blir oppmoda til å søkje.

Arbeidsstad er Bodø. Under elles like kvalifikasjonar vil søkjarar som vil flytte til Bodø bli prioriterte.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er tillagt undervisning og rettleiingsoppgåver på bachelor- og masternivå.
  • Stillinga er tillagt forskings- og utviklingsarbeid, og dessutan formidling.
  • Det blir føresett at den som blir tilsett i førstestilling, bidrar i utviklinga av større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering, samt bidrar til å vidareutvikla forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.
  • Det blir føresett at den som blir tilsett, bidrar i utviklinga av fagmiljøet ved fakultetet, saman med kollegaer.

Fagmiljøet ved Nord universitet er fordelt på fleire studiestader, så samarbeid mellom vitskapleg tilsette ved fakultetet uansett geografisk plassering er viktig. Stillinga kan òg innebere arbeidsoppgåver ved Nord universitet sine andre studiestader.

Kvalifikasjonskrav

For stillinga som førsteamanuensis vil det bli lagt vekt på dokumentert forskingskompetanse innanfor det utlyste fagområdet. Minstekravet til kompetanse er oppnådd doktorgrad på det aktuelle fagområdet eller tilsvarande vitskaplege kvalifikasjonar.

Søkjarar må dokumentera at dei har grunnleggande evner innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing. Nye utfyllande avgjerder for utdanningsfaglig kompetanse trer i kraft 01.09.19, sjå meir informasjon på Nords nettsider. Søkjarar som ved tilsetting ikkje kan dokumentera tilstrekkeleg utdanningsfaglig kompetanse, må skaffa seg denne kompetansen i løpet av ein toårsperiode. Nord universitet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk som dekker dette kravet.

Den som blir tilsett i stillinga må kunne undervise på norsk/nordisk i løpet av to år etter at dei er starta i stillinga.

Ein søkjar som kan dokumentere professorkompetanse, vil etter tilsetting og etter søknad kunne få stillinga omgjort til professorat.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på

  • Forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet.
  • Publikasjonar dei siste fem åra.
  • Erfaring med internasjonale forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering.
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå frå universitets og høgskolesektoren.
  • Pedagogiske kvalifikasjonar frå høgskole, universitet eller tilsvarande.
  • Relevant yrkespraksis.
  • God evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer.
  • Personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet.

Vi tilbyr

Førsteamanuensisstillinga er lønna etter Statens regulativ, førsteamanuensis stilingskode 1011. Løn etter avtale. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

  • God låne-, forsikrings-, og pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Den som blir tilsett må rette seg etter dei lover, avtaler og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Vi tar atterhald om endring i ansvars- og arbeidsoppgåver som følgje av framtidig omorganisering.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje stillinga. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for Hovudavtalen i Staten. Kvinner blir oppmoda om å søkje.

Kontakt

For spørsmål om stillinga kan de kontakte:

Søknadsprosessen

Søknadene vil bli gjennomgåtte av to søknadskomitéar; ein intern søknadskomité og ein ekstern sakkunnig bedømmingskomité. Den interne søknadskomiteen vil lage ein kort, grunngitt rapport om kva for 5-7 søkjarar som blir vurderte som dei med størst potensiale for gå vidare i utvalsprosessen, rett nok utan å gjere noka form for rangering.

Ut frå vurderingane til den interne søknadskomitéen, vil dei 5-7 utvalde søkjarane bli bedne om å sende inn ein utfyllande søknad, og eit utval av vitskaplege publikasjonar. Den eksterne sakkunnige bedømmingskomiteen vil rangere minimum to av dei best kvalifiserte søkjarane. Rangerte kandidatar vil deretter bli kalla inn til prøveforelesing og intervju. Vi viser elles til prosedyrar for tilsetting i stillingar som professorar og førsteamanuensar ved Nord universitet.

Søknad

Søknad sendast elektronisk innan 29.09.2019

Søknaden må innehalde opplysningar om utdanning, tidlegare stillingar, undervisningserfaring, vitskapeleg, administrativ erfaring og fagleg og pedagogisk verksemd.

Søknad sendast elektronisk med dette innhaldet:

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Ei komplett liste over publikasjonar
  • Bekrefta kopier av vitnemål, diploma og relevante attestar
  • Kontaktinformasjon til 2-3 referansepersonar

Publikasjonar skal ikkje leggast ved søknaden; utvalde søkjarar vil bli inviterte til å sende opptil 10 av sine viktigaste publikasjonar seinare i prosessen. Dei inviterte kandidatane sender så inn publikasjonar og dokument elektronisk i pdf-filer.

Det er søkjaren sitt ansvar å sende fullstendig dokumentasjon elektronisk innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er ute, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli gjort offentlege sjølv etter ønskje om å bli utelate frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, må grunngi dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i desse tilfella bli førehandsvarsla om offentleggjering.

Ref.nr. 30074032

Søk på stillingen