LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis eller universitetslektor i helseleiing og styring

Søknadsfrist: 17.03.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (50 %) i helseleiing og styring ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Institutt for global helse og samfunnsmedisin har forskingsgruppa «Health Economics, Leadership and Translasjonar Ethics» (HELTER), og instituttet har mellom anna ansvaret for undervisninga i det erfaringsbaserte etter- og vidareutdanningsprogrammet i helseleiing, helseøkonomi og kvalitetsforbetring (EVU). Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for den EVU-relaterte forskinga og undervisninga ved instituttet

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis:

Den som vert tilsett skal undervise, planlegge undervisning og rettleie masterstudentar på den erfaringsbaserte masteren i helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. For førsteamanuensar vert det forventa at den tilsette bidreg aktivt i fagmiljøet på instituttet og utvikler søknadar til relevante nasjonale og internasjonale finansieringskjelder.

Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til Masteremnet (HELVID650) i den erfaringsbaserte masteren i Helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi. Dette inneber medverking i planlegging, gjennomføring og evaluering av modulen for litt over 20 studentar per år. Dette krev kompetanse i kvalitative og/eller kvantitative metodar, vitskapsteori og prosjektdesign for masteravhandling. I tillegg er det forventa å rettleie masterstudentar som vel helseleiing som fordjuping i si masteroppgåve, og den som vert tilsett kan måtte undervise og planlegge undervising på andre emner i programmet.

Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking, undervisning, design av undervisningsemne, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar. Personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde for universitetslektor:

Den som vert tilsett skal delta i planlegginga, utforminga og undervisninga av den erfaringsbaserte masteren i helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.

Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til Masteremnet (HELVID650) i den erfaringsbaserte masteren i Helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi. Dette inneber medverking i planlegging, gjennomføring og evaluering av modulen for litt over 20 studentar per år. Dette krev kompetanse i kvalitative og/eller kvantitative metodar, vitskapsteori og prosjektdesign for masteravhandling. I tillegg er det forventa å rettleie masterstudentar som vel helseleiing som fordjuping i si masteroppgåve, og den som vert tilsett kan måtte undervise og planlegge undervising på andre emner i programmet.

Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til undervisning, design av undervisningsemne, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar. Personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit samfunnsvitskapeleg eller anna relevant fagfelt (jus, psykologi, medisin) og har god kjennskap til norsk helseteneste. Det vil bli lagt særskild vekt på kompetanse i kvalitative og/eller kvantitative metodar, samfunnsvitskaplege perspektiv på helsetenesta, vitskapsteori og prosjektdesign for masteravhandling. Søkjar må fylle UiB’s krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten dokumenterer evne til å bidra aktivt i fagmiljøet gjennom forsking, undervisning og rettleiing på høgt nivå, og til å søkje nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid. Søkjar må ha erfaring med rettleiing på master- eller phd-nivå. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga.

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor:Kvalifiserte søkjarar hara) Relevant mastergrad eller hovudfag frå universitet, høgskule eller tilsvarande.b) Relevante praktisk-pedagogisk erfaring og kompetanse frå utdanning, undervisning og rettleiing.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Førsteamanuensis:Løn er for tida kr 708 000 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn forspesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er bruttopr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Universitetslektor:Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal innehalde for førsteamanuensis:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Søknaden skal innehalde for universitetslektor:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)Dersom du driv forsking legg du og ved: 
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS