LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis / universitetslektor (vikariat) i psykologi

Søknadsfrist: 06.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis/universitetslektor

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet er det ledig ei midlertidig stilling som førsteamanuensis/universitetslektor i psykologi frå 1. februar 2023 (eller så snart utlysingsprosessen er ferdig) til 31. desember 2023.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga er knytt til fleire av instituttet sine studieprogram og emne innan psykologi: profesjonsstudiet i psykologi, bachelor i psykologi og årsstudiet i psykologi og inkluderer arbeidsoppgåver innan eit bredt spekter av fagområde.

Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Undervisingsoppgåver (forelesing, rettleiing og sensur) knytt til PROPSY308 Personlegdomspsykologi, PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie, PSYK112 Sosial- og personlegdomspsykologi, PSYK114 Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi , PSYK208 Affekt og kognisjon
  • Rettleiingsoppgåver knytt til profesjonsprogrammet i psykologi: PRPSYK302 Utviklingspsykologi, PRPSYK305 Kognitiv psykologi

Utover dette kan stillinga innebere sensur og undervisning på andre emne ved instituttet. Den som vert tilsett vil elles ha administrative oppgåver og delta i møte og komitéarbeid på line med dei andre tilsette ved instituttet.

Dersom den som vert tilsett er kvalifisert som førsteamanuensis, vil vedkomande ta del i forskinga ved instituttet i vikarperioden. Dersom den som vert tilsett er kvalifisert som universitetslektor vil det meste av stillingsprosenten vere knytt til undervisningsoppgåver, men med noko rom for utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Den som vert tilsett må på søknadstidspunktet ha disputert innan psykologi (gjeld førsteamanuensis). Dersom det ikkje er søkjarar med slik ph.d. frå psykologi, kan det vere aktuelt med stilling som universitetslektor (under føresetnad av avlagt cand.psychol. eller mastergrad i psykologi ved søknadstidspunktet).
  • Han eller ho må ha brei fagleg kompetanse innan psykologi
  • Han eller ho må ha erfaring som underviser i universitets- eller høgskulesektoren
  • Han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Det er ein føremon med pedagogisk basisutdanning.
  • Det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise, sensurere og ta del i alle instituttaktiviteter på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstart fordi undervisingspråket på relevante emne er norsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • For førsteamanuensis: løn kr 661 400 – 728 100 pr år før skatt (svarar til lønstrinn 70-75 i statens regulativ). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • For universitetslektor: løn kr 517 600 – 593 100 pr år før skatt (svarar til lønstrinn 56 – 64 i statens regulativ). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn på to referansar med kontaktinformasjon
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hold i CV-en og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS