LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis / Universitetslektor (10% ekstraerverv "bistilling") i psykiatri

Søknadsfrist: 18.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis / Universitetslektor (10% ekstraerverv "bistilling") i psykiatri 4 år. 

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstillingar som universitetslektor (10 % ekstraerverv «bistilling») i barne- og ungdomspsykiatri i 4 år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Stavanger universitetssjukehuset. Arbeidsstad er ved Stavanger universitetssjukehus. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. Stillinga inneber også undervisning for medisinstudentar i studieprogrammet "Vestlandslegen" ved SUS. Det er forventa at søkjarar har interesse for og kunnskap om moderne pedagogiske prinsipp for studentaktiverande og praksisnær undervising i tråd med den pedagogiske grunnmuren for Vestlandslegen.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til Vestlandslegen, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha norsk cand.med. - grad eller tilsvarande kompetanse og vere godkjend spesialist i psykiatri. 
  • Søkjarar må fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. 
  • Det er eit ynskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for rettleiing og oppfølging av studentar i praksis.
  • Det er eit ynskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring.
  • Den ideelle kandidaten har erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanninger.
  • Det er ein fordel om søkjar har publisert på internasjonalt nivå, og kan vise til søkander og tilsalg frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forskning og utdanningsarbeid.
  • Evnen til å etablere nettverk, både nasjonalt og internasjoanlt vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjeld interesse for innovasjon.

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. 

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast. 

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Førsteamanuensis: 

    Løn er for tida kr 745 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 - 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Universitetslektor:

    Løn er for tida kr 615 000– 680 000(kode 1009) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal innehalde for førsteamanuensis: 

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga 
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar 
  • Fullstendig publikasjonsliste 
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet 
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format 
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider) 
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

    Søknaden skal innehalde for universitetslektor: 

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga 
  • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar 
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse 
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon) 

    Dersom du driv forsking legg du og ved: 

  • Fullstendig publikasjonsliste 
  • Vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format 

    Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS