LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis / universitetslektor i arbeids- og organisasjonspsykologi (vikariat)

Søknadsfrist: 18.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis/universitetslektor

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig eit vikariat (100 % stilling) som førsteamanuensis/universitetslektor i arbeids- og organisasjonspsykologi i perioden 1. august 2021 - 31. januar 2022, med moglegheit for inntil 6 månaders forlenging.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga er knytt til bachelor- og masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi og andre studieprogram og emne der fagfeltet inngår.

Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • undervising, rettleiing og sensur på bachelor- og masternivå i arbeids- og organisasjonspsykologi
  • sjølvstendig emneansvar både i haustsemester og vårsemester
  • administrative oppgåver, møtedeltaking og komitéarbeid på line med dei andre tilsette ved instituttet
  • samarbeide tett med kollegaer innan fagfeltet og andre ved instituttet
  • bidra til instituttet si forsking innan arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Utover dette kan stillinga innebere sensur og undervisning på andre studieprogram ved instituttet.

Den som vert tilsett vil ha administrative oppgåver, emneansvar og delta i møte og komitéarbeid på line med dei andre tilsette ved instituttet.

Dersom den som vert tilsett er kvalifisert som førsteamanuensis, vil vedkomande ta del forskinga ved instituttet i vikarperioden. Dersom den som vert tilsett er kvalifisert som universitetslektor vil det meste av stillingsprosenten vere knytt til undervisningsoppgåver, men med noko rom for utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Den som vert tilsett må på søknadstidspunktet ha disputert i psykologi eller tilsvarande (gjeld førsteamanuensis). Dersom det ikkje er søkjarar med slik bakgrunn, kan det vere aktuelt med stilling som universitetslektor (under føresetnad av avlagt cand.psychol. eller mastergrad i psykololgi eller tilsvarande ved søknadstidspunktet).
  • Han eller ho må ha kompetanse innan arbeids- og organisasjonspsykologi.
  • Instituttet har eit stort behov for undervisningsressursar på dei aktuelle programma i studieåret 2021/2022. Relevant undervisningserfaring vil difor bli vektlagt.
  • Han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Det er ein føremon med pedagogisk basisutdanning.
  • Det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise, sensurere og ta del i alle instituttaktiviteter på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstart.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • For førsteamanuensis: løn etter lønssteg 64 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 575 600 – 694 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • For universitetslektor: løn etter lønssteg 56 – 63 (kode 1009/lønnsramme 25, minimum alternativ 10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 498 800 - 566 700 brutto. Vidar opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin bakgrunn og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn på to referansar med kontaktinformasjon
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS