LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis / universitetslektor (2 x 20 % bistilling) i medisin

Søknadsfrist: 10.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis/universitetslektor (2 x 20 % bistilling) i medisin

Ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig to bistillingar som førsteamanuensis (20 %) i legevaktmedisin. Stillingane er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) ved Bergen legevakt. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stilling som førsteamanuensis, kan det verte aktuelt å tilsetje som universitetslektor.

Stillinga er plassert i Fagområde for allmennmedisin (FAM). FAM har rundt 14 fast tilsette i tillegg til fleire bistillingar og stipendiatar. IGS er lokalisert i eit flott nybygg i Alrek helseklynge på Årstadvollen. Alrek helseklynge arbeider med forsking, innovasjon og undervisning retta mot kommunane, der tverrprofesjonelt samarbeid er ein viktig del. IGS sin nye forskings- og innovasjonsstrategi er basert på samarbeidet i Alrek helseklynge.

Vi søkjer ein lege som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning med vekt på praksisutdanning på legevakt. Stillinga skal styrke utdanninga i primærmedisin i legeutdanninga ved fakultetet gjennom det nye studieprogrammet Vestlandslegen (Legeutdanning i Noreg - Vestlandslegen som satsing ved UiB | Vestlandslegen | UiB).

Arbeidsplassen vil formelt vere ved IGS, men i praksis knytt til undervisning ved ØHD einingar. Den tilsette vil også delta på stabsmøter ved instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett som førsteamanuensis skal bidra i forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig deltar i søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering.

Dersom søkjar vert tilsett som universitetslektor, vil arbeidsoppgåvene først og fremst vere knytt til undervising av studentar. Undervisningsplikta i stillinga er primært knytt til praksisutdanning for legestudentar i regi av Fagområde for allmennmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sine faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

For førsteamanuensis:

  • kvalifisert søkjar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse
  • søkjar må vere utdanna lege og ha fast hovudstilling (min. 50 %) ved Bergen legevakt
  • spesialitet i allmennmedisin er ein føremon, men andre spesialitetar kan og vere relevante
  • den ideelle kandidaten har hatt jamn forskingsaktivitet dei siste åra og har erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

For universitetslektor:

  • søkjar må vere lege og ha fast hovudstilling (min. 50 %) ved Bergen legevakt
  • spesialitet i allmennmedisin er ein føremon, men andre spesialitetar kan og vere relevante
  • søkjar bør ha brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
  • det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
  • det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • førsteamanuensis vert løna etter lønssteg 68-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 626 100-702 100, eller lønssteg 70-74 (spesialist) for tida kr 650 300 - 702 100. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • universitetslektor vert løna i lønssteg 56-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 507 600 - 583 500 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV, vitnemål og attestar
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider, førsteaman.)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Thomas Mildestvedt, e-post: thomas.mildestvedt@uib.no eller
  • Instituttleiar Guri Rørtveit, e-post: guri.rortveit@uib.no, tlf. 99232769

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS