LEDIG STILLING VED OSLOMET

Førsteamanuensis / førstelektor - Pedagogikk

Søknadsfrist: 15.12.2020

OsloMet

OsloMet – storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Vil du bli vår nye kollega og vere med på å utdanne lærarar for framtida?

Ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium er det ledig ein 100 % fast stilling og ein midlertidig stilling, som førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk med tilsetjing frå 01.08.21. Midlertidig stilling varer frem til 31.07.22.

Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning står midt oppe i spennande utfordringar med implementering av femårige masterutdanningar for grunnskolelærarar og utvikling av skoleutviklingsprosjekt. For å nå våre ambisjonar søker vi dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Les meir om fakultetet, instituttet og forskargruppene våre her.

Arbeidsoppgåver:

  • undervise og rettleie på bachelor-, master- og ev. ph.d.-nivå og etter- og vidareutdanningar
  • følgje opp studentar i praksis
  • gjennomføre eige forskings- og utviklingsarbeid (forsking gjeld i utgangspunktet berre fast stilling)
    • Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forskings- og utviklingsarbeid står sentralt ved fakultetet. Difor er det viktig at den som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar.
  • ta initiativ til og delta i utviklinga av større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • oppsøkje og delta i forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
  • bidra i arbeidet med å vidareutvikle fagmiljøet og utdanningane ved instituttet
  • formidle forskingsresultat til både fagmiljø og samfunnet elles
  • utføre fagleg-administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetjing i stilling som førsteamanuensis krevst det doktorgrad i pedagogikk eller tilsvarande.
  • For tilsetjing i stilling som førstelektor krevst det embetseksamen, hovudfag eller mastergrad i pedagogikk og dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarer til arbeidsmengd og nivå for ei doktorgradsavhandling.
  • Dersom det på grunn av manglande søkjargrunnlag eller av andre grunnar ikkje lar seg gjere å tilsetje i stilling som førsteamanuensis/førstelektor, kan det bli aktuelt å tilsetje i stilling som universitetslektor. Fortrinnsvis vil dette være søkjarar som har påbegynt kvalifisering for førstestilling. For tilsetjing i stilling som universitetslektor i pedagogikk krevst det mastergrad, hovudfag eller embetseksamen.
  • Søkjaren må dokumentere relevant praktisk-pedagogisk kompetanse. Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere pedagogisk basiskompetanse, må skaffe seg denne kompetansen innan to år. OsloMet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk (UHPED) på engelsk som støttar dette kravet, saman med Universitetet i Oslo.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på

  • Forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillinga. Publikasjonar frå dei siste seks åra vil bli vektlagde.
  • røynsle med forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering
  • potensial for prosjektakkvisisjon
  • undervisnings- og rettleiingsrøynsle på bachelor- og masternivå
  • pedagogiske evner
  • dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse/undervisningserfaring frå arbeid i grunnskole, vidaregåande skole og/eller lærarutdanning
  • brei kjennskap til og/eller røynsle frå arbeid med ulike pedagogiske område som:
    1. begynnaropplæring
    2. rettleiing
    3. didaktikk
    4. pedagogisk sosiologi
    5. profesjonspedagogikk
    6. læreplanteori
  • god digital kompetanse, inkludert røynsle med studentaktive læringsformer og bruk av digitale undervisnings- og vurderingsverktøy
  • god evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk og engelsk

Søkjarar som ikkje har eit av dei skandinaviske språka som morsmål, må kunne dokumentere både munnleg og skriftleg språkdugleik.

Generelle kriterium for tilsetjing i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

OsloMet gjennomfører prøving av pedagogiske kvalifikasjonar i samband med intervju.

Det er viktig for OsloMet å spegle folkesetnaden i regionen. Vi arbeider aktivt med å utvikle OsloMet vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for å leggje arbeidsplassen til rette dersom det er behov for det. Vi ønskjer alle kvalifiserte søkjarar velkommen, òg søkjarar som har opplevd periodar i livet utan arbeid, utdanning eller opplæring.

Søknadsprosess:

Følgjande dokument må lastast opp innan søknadsfristen:

  • søknadsbrev
  • CV
  • attestar og alle sider av vitnemål
  • fullstendig publikasjonsliste
  • inntil ti vitskaplege arbeid og eit oversyn over desse arbeida, inkl. ph.d.-avhandling dersom relevant
  • to referansar med kontaktinformasjon

Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Omsetjingar må vere autoriserte, og originalar må visast fram ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument slik at alle kandidatar skal få ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli tekne til vurdering.

Søkjarar vil bli vurderte av ein sakkunnig komité. Før søknadspapira blir sende til komiteen, vil alle søknadene bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkjarar vil ikkje bli sende til vurdering.

Vi tilbyr

  • interessante oppgåver ved Noregs tredje største universitet
  • tid til profesjonsnært forskings- og utviklingsarbeid
  • låne- og pensjonsvilkår iStatens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og eit omfattande tilbod av aktivitetar innan kultur og sport

Andre opplysningar:

For nærare informasjon om stillinga kan følgjande kontaktast:

Stillinga blir lønt etter statens lønnsregulativ og OsloMets lønnspolitikk, som førsteamanuensis i kode 1011 og førstelektor i kode 1198, lønnssteg 60-74 (frå kr 532 300,- til kr 691 400,- per år), og som universitetslektor i kode 1009, lønnssteg 51-66 (frå kr 456 400,- til kr 594 400,- per år). Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til SPK.

Søk elektronisk på stillinga ved å nytte knappen nedst på sida «Logg inn og søk stillingen».

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere. OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (The San Francisco Declaration on Research Assessment).

Referansenummer: 20/10729

Logg inn og søk stillingen

Powered by Labrador CMS