LEDIG STILLING VED NORD UNIVERSITET

Førsteamanuensis / førstelektor / universitetslektor i engelsk / engelskdidaktikk med vekt på litteratur

Søknadsfrist: 15.05.2022

Nord universitet

Gjennom forsking, utdanning og samfunnsdeltaking, bidreg Nord universitet til å skape ei berekraftig framtid med utgangspunkt i vår geografiske lokalisering.

I samarbeid med samfunns- og næringsliv i Nordland og Trøndelag, fremjer våre 11 500 studentar og 1 350 tilsette innovative løysningar og kunnskapsbasert praksis, lokalt og internasjonalt.

Nord universitet har fire strategiske satsingsområde: blå og grøn vekst, berekraftig innovasjon og entreprenørskap, samfunnssikkerheit og helse, velferd og oppvekst.


Fakultet for lærarutdanning, og kunst- og kulturfag utdannar framtidas lærarar frå barnehage til vidaregåande skole og innan idrett og estetiske fag.


Kandidatane våre spelar ei sentral rolle i den kunnskapsbaserte utviklinga av samfunnet, både regionalt og nasjonalt. Vi skal bidra til å utvikle praksisfeltet vi utdannar for, så forskingstilnærminga vår er profesjonsretta og praksisnær.

Fakultetet tilbyd doktorgrad (ph.d.) i profesjonsvitenskap. Fakultet for lærarutdanning, og kunst- og kulturfag har 3500 studentar, og 350 tilsette i Levanger, Bodø og på Nesna.

Les meir: www.nord.no/flu.

Førsteamanuensis/ førstelektor/ universitetslektor i engelsk/engelskdidaktikk med vekt på litteratur - Nesna

Om stillinga

Ved Nord universitet, Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, studiestad Nesna er det ledig ein fast 100 % stilling somførsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor i engelsk / engelskdidaktikk med vekt på litteratur. Stillinga er tillagt undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved grunnskulelærarutdanninga.

Det er forventa at den som blir tilsett som universitetslektor, kvalifiserer seg til førstestilling etter avtale med dekanen..

Stillinga har primær kontorstad Nesna. Det kan i heilt spesielle tilfelle avtalast annan arbeidsstad for ein periode, men likevel slik at den tilsette bidrar aktivt i fagmiljøet på Nesna.

Fagmiljøet ved Nord universitet er fordelt på fleire studiestader, så samarbeid mellom vitskapleg tilsette ved fakultetet uansett geografisk plassering er viktig.

Stillinga kan òg innebera arbeidsoppgåver ved Nord universitets andre studiestader.

Les mer om studiestad Nesna her

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er i hovudsak tillagt undervisning, praksisoppfølging, rettleiing og FoU-oppgåver på master i grunnskulelærarutdanning, og etter- og vidareutdanning. Stillinga er knytt til undervisning på bachelor- og masternivå i engelskfaglege emne innan litteraturdidaktikk, men ein må rekne med å kunne undervise i andre emne innan lærarutdanninga.
  • Stillinga er tillagt forsking og utviklingsarbeid, og dessutan formidling.
  • Lærarutdanningsprofilen og profesjonsretta forsking og utviklingsarbeid er sentrale ved fakultetet, difor er det viktig at den som blir tilsett, er innstilt på å orientere seg mot profesjonsspesifikke problemstillingar.
  • Det ventast at den som blir tilsett i førstestilling, bidreg i utvikling av større forskingsprosjekt og søknader om ekstern finansiering, samt bidreg til å vidareutvikle forskingssamarbeid med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.
  • Det ventast at den som blir tilsett, bidreg i utviklinga av fagmiljøet i engelsk ved fakultetet, saman med kollegaer.

Kvalifikasjonskrav

Tilsetjing som førsteamanuensis/førstelektor

  • For tilsetjing som førsteamanuensis krev vi norsk doktorgrad innanfor relevant fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad som er godkjend som likeverdig med den norske, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapleg produksjon av same omfang og kvalitet.
  • For tilsetjing som førstelektor krev vi dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang svarar til arbeidsmengde for doktorgradsarbeid.

Tilsetjing som universitetslektor

  • For tilsetjing i stilling som universitetslektor krev vi relevant utdanning frå universitet eller høgskole, mastergrad eller tilsvarande innanfor relevant fagområde.

Sams for alle

  • Søkjarar må dokumentere at dei har grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing.Grunna forskriftsendringar frå 01.09.19, har Nord universitet vedtatt eigne vilkår for utdanningsfagleg kompetanse, sjå meir informasjon på Nords nettsider. Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse, må skaffe seg denne kompetansen i løpet av ein toårsperiode. Nord universitet tilbyd eit emne i universitetspedagogikk som dekkjer dette kravet.
  • Særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne i engelsk, og god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk (eller annet skandinavisk språk).
  • Søkjarane må vere kvalifiserte til å gjennomføre arbeidsoppgåvene som det er vist til tidlegare.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:

  • Forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for stillinga
  • Publikasjonar dei siste fem åra vil bli vektlagde
  • Erfaring med internasjonale forskingsnettverk og prosjekt med ekstern finansiering
  • Erfaring frå undervising og rettleiing på bachelor- og masternivå frå universitets- og høgskolesektoren
  • Pedagogiske kvalifikasjonar
  • Relevant yrkespraksis
  • God evne til å kommunisere og samarbeide med studentar og kollegaer
  • Personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet

Vi tilbyd

Stillinga blir løna etter Statens regulativ, kode 1011 for førsteamanuensis, kode 1198 for førstelektor og kode 1009 for universitetslektor. Løn etter avtale. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

  • God låne-, forsikrings-, og pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søke. Universitetet praktiserer moderat kjønnskvotering i samsvar med lokal tilpassingsavtale for hovudavtalen i Staten.

Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.

Kontakt

Nærare opplysing om stillinga får ein ved å ta kontakt med:

Søknadsprosessen

Søkjarar vil bli vurderte av ein sakkunnig vurderingskomite.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.

Søknad

Søknad sendast elektronisk innan 15.05.2022

Den elektroniske søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev
  • Fullstendig curriculum vitae
  • Kopi av vitnemål og attestar
  • Fullstendige kopiar av eit utval på inntil 15 av dei mest relevante publikasjonane til søkjaren, og ei liste over desse. Vi bed søkjarane prioritere dei 5 viktigaste arbeida sine, og kommentere prioriteringa. Doktorgradsavhandling skal leggjast ved som eitt av disse arbeida.
  • Utdanningsfaglig CV og refleksjonsnotat ihht utfyllande bestemmelsar for utdanningsfaglig kompetanse
  • Dokumentasjon på annan aktivitet som vurderast som relevant for stillinga, og som er ønskt teken med i vurderinga
  • Kontaktinformasjon til 2-3 referansepersonar

All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er gått ut blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.

Ref.nr. 30143565

Søk på stillingen

fnokode:1234

Powered by Labrador CMS