Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i klinisk psykologi - klinikkleiar

Søknadsfrist: 09.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet er det ledig 1 fast stilling som førsteamanuensis i klinisk psykologi som klinikkleiar.

Instituttet har ansvar for forsking og undervising innanfor kjerneområda i klinisk psykologi. Desse er grunnlag for psykologars yrkesutøving i helsevesenet, både innanfor spesialisthelseteneste, førstelinje og lågterskeltilbod. Instituttet si forsking og kompetanse omfattar utredning og behandling av eit breitt spekter av psykiske lidingar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap innanfor dei sentrale områda av evidensbasert psykologisk behandling

Ved Institutt for klinisk psykologi er det tre opplæringsklinikkar/seksjonar: Psykologisk poliklinikk for barn og ungdom, Psykologisk poliklinikk for unge og vaksne og Psykologisk poliklinikk for vaksne og eldre. Opplæringsklinikkane tilbyr behandling til barn, unge, vaksne og eldre. Behandling utførast av psykologistudentar under rettleiing av psykologspesialistar, og er gratis. Seksjon for klinisk nevropsykologi tilhøyrer Institutt for biologisk og medisinsk psykologi og er ein del av Psykologisk universitetspoliklinikk, som klinikkleder tilsett ved IKP òg har leiaransvar for.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga er knytt til undervising og forsking/fagutvikling ved Institutt for klinisk psykologi, og konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • emneansvar og undervising i klinisk psykologi generelt
  • rettleiing av studentar innanfor intern-klinisk opplæring og deltaking i klinikkmøter og kasuspresentasjonar
  • oppgåverettleiing og sensur på instituttet sine undervisningsemne
  • overordna klinikkleiing av Psykologisk universitetspoliklinikk sine ulike seksjonar
  • å bidra til utvikling av nye søknadar om ekstern finansiering frå Noregs forskingsråd, EU og andre moglege finansieringskjelder

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kompetansekrav for tilsetting i stilling som førsteamanuensis kjem fram av forskrift om tilsetting og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar § 1-4.

  • søkjar må ha doktorgrad i psykologi på søknadstidspunktet
  • søkjar må ha autorisasjon som psykolog i Norge
  • søkjar må vere ferdig utdanna psykologspesialist eller ha tilsvarande praksiserfaring og kompetanse på søknadstidspunktet.
  • søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • det er ønskeleg med erfaring frå prosjektleiing og forskingsrettleiing
  • det er ønskeleg med leiarerfaring - gjerne frå klinisk praksis - noko som verte vektlagt
  • han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • han eller ho må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og må samarbeide godt med både kollegaer og studentar
  • han eller ho må ha evne til å skape eit godt læringsmiljø
  • det er krav om grunnleggande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskolenivå konkretisert ved at følgjande skal dokumenterast på bakgrunn av eigen undervising/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning:
    • grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing
    • evne til å reflektere over eigen rolle, samt diskutere og begrunne eigne val i planlegging, gjennomføring og utvikling av undervising og rettleiing
  • dersom søkjarar ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, vil søkjarane verte pålagt å oppfylle krava innan to år etter tilsettingstidspunkt.
  • det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstartsdato

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 67 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 8-10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 605 500 - 691 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10 vedlegg)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden jf siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen