Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, innafor temaet klima og energiomstilling

Søknadsfrist: 15.09.2019

UiB - Knowledge that shapes society

Through robust and close interaction with the world around us – globally, nationally and locally – we shall be instrumental in building a society based on knowledge, skills and attitudes.

Do you want to take part in shaping the future?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskaplige fakultet består av syv institutt og tre sentre. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.

Førsteamanuensis

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som førsteamanuensis innan administrasjon og organisasjonsvitskap ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen, innafor temaet klima og energiomstilling. Stillinga er lagt til Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap i samarbeid med Centre for Climate and Energy Transformation (CET). Den som blir tilsett i stillinga skal bidra til å styrke forsking, undervisning og prosjektutvikling ved Instituttet og ved CET innafor klima og energiomstilling. Dette er eit satsingsområde for Universitetet i Bergen.

Instituttet har ein profil som eit statsvitskapleg fag basert på i organisasjonsfagleg tilnærming til studiet av offentleg politikk, offentleg administrasjon og politiske institusjonar.

The Centre for Climate and Energy Transformation (CET) er eit tverrfagleg forskningssenter der målet er å produsere handlingsretta kunnskap om korleis ein kan oppnå djup, rask og berekraftig omstilling av samfunnet for å møte klimamåla.

Søkjarar til stillingane blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet og ved CET. Sjå http://www.uib.no/admorg og https://www.uib.no/en/cet.

Vi søkjer ein dedikert person med gode samarbeidsevner som kan engasjere seg i forsking, rettleiing og undervisning ved instituttet og ved CET. Vi vil leggje vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 68-75 (17.510/kode 1011/LR 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på NOK 615 900.- til 704 900.- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i statsvitskap eller eit anna samfunnsfag, med relevans for instituttet sin faglege profil.
  • Ein sterk akademisk bakgrunn og dokumentert ekspertise innafor instituttet sin faglege profil og dokumentert spesialisering innafor klimaendring og energiomstilling. Dette inneber at søkjaren må ha vist evne til systematisk publisering av forskingsresultat utover doktorgrad på høgt internasjonalt nivå.
  • God dokumentert progresjon i forsking og publisering og klare planar for framtidig forsking og publisering er ønskjeleg. Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet vil forskinga frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
  • Den som søkjer må vise interesse for tverrfagleg forsking, og erfaring med tverrfagleg forsking er ønskjeleg.
  • Erfaring med å utvikle, administrere og drive større eksternt finansierte forskingsprosjekt er ønskjeleg.
  • Pedagogisk basisutdanning er ønskjeleg. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
  • Kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.
  • Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.

Den som innehar stillinga vil dele pliktene sine mellom instituttet og CET. Det blir forventa at den som blir tilsett deler tida si mellom dei to einingane. Undervisningsdelen av stillinga vil i all hovudsak være knytt til instituttet.

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grads nivå ved instituttet. Ved CET må ho/han bidra til prosjektgenerering, rettleiing og strategisk utvikling av tverrfaglege forskingsteam. Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene for CET-tilknytte forskarar, inkludert CET sin lavkarbon reisepolicy.

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publisert. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar
  • Undervisingsportefolio. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervising og rettleiing. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisingsmateriell, evalueringsrapportar og motekne undervisningsprisar.
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i www.jobbnorge.no.

Søknadsfrist: 15 september 12019

Søknaden skal merkast: 19/5742

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk på stillingen