Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis ved Examen philosophicum – inntil 2 stillingar

Søknadsfrist: 01.10.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium er det ledig inntil to faste stillingar som førsteamanuensis ved Examen philosophicum. Startdato for dei som blir tilsett, er 1. august 2020 eller så snart som råd deretter.

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF) har omlag 50 vitskapleg tilsette, administrativt tilsette og rekrutteringsstillingar. Forskinga ved instituttet spenner over eit vidt område. Instituttet legg særleg vekt på samarbeid med andre fag og tverrfagleg forsking. Hovudtyngda av forskinga føregår innanfor følgjande hovudområder: Antikkens filosofi, logikk, filosofi og tekstteknologi, etikk/politisk filosofi, sinnsfilosofi og Wittgensteinforsking.

Stillingane vil begge vere knytta til Examen philosophicum ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet, og det blir forventa at den/dei som blir tilsett bidrar i utviklinga av eit nytt Examen philosophicum-opplegg ved dette fakultetet.

Det må og påreknast noko undervisning ved fagstudia i filosofi, i emne som dei tilsette har spesialkompetanse i.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillingane har både ei forskings- og ein undervisningskomponent. Det blir kravd at dei som får stillingane kan undervise og rettleie innanfor fagets emneportefølje og utvikle undervisningsopplegg for Examen philosophicum.

Instituttet legg til grunn at den/dei som blir tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskingsmiljøet. Instituttet og fakultetet har ei rekkje forskargrupper som ein kan lese meir om her: forskargrupper.

Alle tilsette må dele på ansvaret for å utvikle fag og kurstilbodet ved Examen philosophicum, og alle må vere villige til å ta på seg administrative oppgåver. Tilsette kan bli sette til undervisning, rettleiing og eksamensarbeid innanfor eige fagfelt også utanfor instituttet dei er tilsette ved.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarane må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande utdanning i filosofi eller nærliggjande fagdisiplin.

Søkjarar må ha publisert forskingsresultat ut over doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå. Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.

Det vil bli lagt vekt på at den/dei som blir tilsett er godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke Examen philosophicum si faglege tyngde i åra framover blir tillagt vekt.

Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil bli tillagt vekt.

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den/dei som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den/dei som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Universitetet tilbyd norskkurs for utanlandske tilsette.

Søkjarane må oppfylle følgjande kvalifikasjonskrav:

  • Publikasjonar på høgt internasjonalt nivå, og
  • Brei undervisnings- og forskingserfaring

Blant dei som oppfyller kvalifikasjonskrava, vil desse momenta bli særleg vektlagt:

  • Omfanget av relevant undervisningserfaring
  • Graden av dokumentert erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid
  • Dokumentert interesse for forsking og undervisning knytt til disiplinane ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet.

Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte vil bli inviterte til intervju og bedne om å gje ei prøveforelesing.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 64 (kode 1011/lønsramme 24) i Statens lønsregulativ. Dette utgjer ei årsløn på 572.700 kr før skattetrekk. Vidare lønsopprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenka SØK STILLINGEN på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • CV som inkluderer ei fullstendig liste over akademiske publikasjonar
  • Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (skanna versjon av originalar eller rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning)
  • Informasjon om og dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar
  • Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og andre relevante kvalifikasjonar
  • Inntil fem forskingsarbeid Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar og artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga
  • Tre referansepersonar med kontaktinformasjon

Komiteen kan be om tilleggsdokumentasjon.

Søknaden med alle vedlegg må vere lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen, anten som Word- eller pdf-fil. Der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

NB: Søknadene blir vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til fakadm@hf.uib.no.

Generell informasjon:

Interesserte kan få meir informasjon om stillingane frå:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 01.10.2019

Jobb id: 19/8009

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS