Stilling:

Førsteamanuensis (Institutt for geografi)

Søknadsfrist 02.04.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i samfunnsgeografi.

Universitetet i Bergen har tre strategiske satsingsområde: marin forsking, klima og energiomstilling og globale samfunnsutfordringar. Strategien er å lese her https://www.uib.no/strategi. Institutt for geografi har forskingsaktivitetar som reflekterer desse. Eit viktig fokus for forskinga ved instituttet er komplementære og kritiske perspektiv på FN sine berekraftsmål i Noreg og globalt.

Forsking og undervising ved instituttet er organisert i tre grupper: Samfunnsgeografi, miljø- og landskapsgeografi og naturgeografi. I tillegg har instituttet ei gruppe for Systemdynamikk, og Senter for klima- og energiomstilling (CET) er lokalisert på instituttet. Instituttet satsar på å styrke desse gruppene, men samtidig skape synergiar mellom gruppene.

Stillinga er knytt til samfunnsgeografigruppa. Gruppa arbeider med samfunnsgeografi i eit lokalt og globalt perspektiv, frå små lokalsamfunn til storbyar. Vi søkjer ein forskar som kan bidra til å styrke eit av våre aktuelle forskingstema:

  • Byplanlegging og stadsutvikling
  • Grøn omstilling og næringsutvikling
  • Global ulikskap og utvikling
  • Forvalting av naturressursar
  • Matproduksjon og matsikkerheit
  • Klima og energiomstilling

Sjå www.uib.no/fg/samfunnsgeo

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein kandidat med akademisk røynsle i faget på høgt internasjonalt nivå. Søkjarar må dokumentere kompetanse som førsteamanuensis og røynsle frå undervisning i samfunnsgeografi. Vitskaplege publikasjonar frå dei siste fem år vil bli særleg vektlagt i bedømminga.

Vi søkjer ein kandidat som kan styrke forsking og undervisning i både metodiske og teoretiske delar av samfunnsgeografien. Undervisning er ein viktig del av stillinga og ekte dedikasjon til undervisning og kommunikasjon av forsking er vesentleg Pedagogisk utdanning er eit krav. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Dokumenterte erfaringar med anskaffing av eksterne forskingsmidlar er viktig.

Personlege kvalifikasjonar

Vi ønskjer å skape inkluderande og dynamiske forskingsgrupper, men óg sterke relasjonar mot omverda. Difor vert gode sosiale evne og evne til å bidra til gruppa og bygge relasjonar vektlagd i evalueringsprosessen. Utvalte søkjarar vil bli invitert på intervju, og må halde ei gjesteførelesing over eit gitt tema. Undervisningsspråka er normalt både norsk og engelsk. Det er krav om flytande munnlege og skriftlege kommunikasjonsevne på eit skandinavisk språk for å kunne delta aktivt i alle dei funksjonar ei akademisk stilling inneber, inklusiv administrative oppgåver. Den som vert tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år i stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • 45% av arbeidstid avsett til forsking
  • Eit positivt og inkluderande studentmiljø
  • Løn etter lønssteg 68-75 (st. kode 1011) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 607 700 - 695 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga og individuelt forhandla tillegg. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Byen Bergen – ein open by med ei unik blanding av kulturliv og storslått natur og med godt kommunikasjonsnettverk til inn- og utland

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga og eit samandrag av pågåande og planlagt forskingsaktivitetar og initiativ.
  • CV
  • Fem publikasjonar du ønskjer vektlagt i bedømminga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde. I vurderinga vil forskinga frå dei siste fem åra verte særleg vektlagd.
  • Fullstendig publikasjonsliste.
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.no.

Søknader utan plan for forskingsaktivitetar eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Søknaden må merkast: 19/2405

Søknadsfrist: 2. april 2019

Generell informasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Peter Andersen, e-post peter.andersen@uib.no, eller tlf 92091943

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar Beathe Moldestad, tlf. +47 55 58 90 56, e-mail: beathe.moldestad@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS