Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i teatervitskap

Søknadsfrist: 15.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei 100 % stilling som førsteamanuensis i teatervitskap frå 1. november 2020.

LLE har kring 70 vitskapleg tilsette, 15 administrativt tilsette, kring 30 ph.d.-kandidatar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida tre innanfor faget teatervitskap. I tillegg er det fortida éin tilsett stipendiat i disiplinen. Teaterarkivet er òg lokalisert ved instituttet, som del av samarbeidet mellom Universitetsbiblioteket og fagmiljøet.

Den som tek til i stillinga, skal undervise og forske i teaterhistorie og teatervitskaplege teoriar og metodar.

Aktuelle arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett, skal ta del i undervisninga i samsvar med dei studieordningane som gjeld. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og innanfor alle program som gjeld teatervitskap ved Universitetet i Bergen slik det går fram ovanfor. På lågare grad må han eller ho vere budd på å undervise i heile den faglege breidda som teatervitskap ved UiB femner om: europeisk og norsk teaterhistorie, dramaturgi, framsyningsanalyse og kritikk. På høgre nivå vil det i større utstrekning vere rom for at den tilsette underviser mest på felt der han eller ho har særleg kompetanse

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også få ulike fagleg-administrative oppgåver.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og tek del i det daglege arbeidet ved instituttet.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Søkjarar må ha norsk doktorgrad i teatervitskap eller liknande kompetanse. Ein vil leggje vekt på både fagleg breidde og særskild spesialkompetanse. Søkjaren må dokumentere solid teatervitskapleg kompetanse og det er ein føremon at han/ho er kjend og fortruleg med norske teatertilhøve og samtidsteater generelt. Den som vert tilsett må kunne bidra til å vidareutvikle fagmiljøets dialog og samarbeid med det profesjonelle teaterlivet.

Søkjarar må ha publisert forskingsresultat ut over doktorgrad, og vitskapleg fagleg breidde vil vere ein føremon. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil òg verte tillagt vekt.

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Den som vert tilsett, må kunne undervise på eit skandinavisk språk og på engelsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 572 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden

Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenka SØK STILLINGEN på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar
  • Oversikt over undervisningserfaring og administrativ erfaring og egen forskingsplanar
  • Dokumenterer over pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Inntil 5 vitskaplege arbeid (inkl. doktorgradsavhandlinga). I tillegg kan det sendast inntil 5 populærfaglege og praksisretta arbeid, t.d. læremiddel. Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av fleire vitskaplege arbeid frå ein eller fleire av søkjarane.

Søknaden med alle vedlegg må vere lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen, anten som word- eller pdf-fil. Der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

NB: Søknadene blir vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til fakadm@hf.uib.no.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Keld Hyldig, tlf. 55 58 83 54, e-post keld.hyldig@uib.no, eller
  • Instituttleiar Anders Fagerjord, tlf.: 55 58 36 53, e-post anders.fagerjord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS