Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i rettsvitskap (rettsstat og menneskerettar) - 2. gongs utlysing

Søknadsfrist: 26.11.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i rettsvitskap med kompetanse i rettsstat og menneskerettar.

Ved fakultetet blir det undervist til graden master i rettsvitskap og ph.d.-graden.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Normalt vil nærare 50 % av arbeidstida vere sett av til forsking og forskingsrelatert verksemd, og nærare 50 % av arbeidstida til undervisning og undervisningsrelatert verksemd (m.a. rettleiing og eksamen) og resten til administrativ verksemd.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

For å bli tilsett, må søkjaren ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning og norsk doktorgrad i rettsvitskap eller tilsvarande rettsvitskapleg kompetanse.

Søkjarar må dokumentere generell rettsvitskapleg kompetanse. Minst eitt arbeid må gje ein djuptgåande analyse med grunnlag i norske rettskjelder, eller som frå folkerettslege eller andre internasjonale rettskjelder kastar lys over spørsmål av betydning for norsk rett.

Det vil òg bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Søkjarane må ha gode samarbeidseigenskapar og vise evne og motivasjon til å bidra til oppbygginga av eit godt fagmiljø i rettsstat og menneskerettar ved fakultetet. I søknaden skal søkjaren gjere greie for måla sine for forskingsaktiviteten og moglege bidrag til fagmiljøet ved fakultetet.

Ein sakkunnig komité skal vurdere søkjarane sine kvalifikasjonar. I vurderinga vil hovudvekta bli lagt på dei innleverte vitskaplege arbeida og kompetanse i rettsstat og menneskeretter. Søkjarane må ha kompetanse på menneskerettar utover EMK (Den europeiske menneskerettskonvensjonen). Slik kompetanse kan til dømes være knytta til andre internasjonale instrument (FN konvensjonar m.v.) eller nasjonale menneskerettar (grunnlovsvern eller rettsstatsproblematikk).

Søkjarar må kunne undervise i faget Rettsstat og menneskerettar (som vert ein del av faget Rettsstaten – statsrett, europarett og folkerett ved ny studieordning), og minst eitt anna fag på den obligatoriske delen av studiet. Søkjarer må oppgje kva fag dei ønskjer å undervise i.

Det vil bli lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar, erfaring med undervisning som byggjer på problembasert læring, erfaring frå populærvitskapleg formidling, relevant praksis, fagpolitisk og administrativt arbeid.

Vi viser elles til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse, kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett, vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Den som blir tilsett, må vere villig til å engasjere seg i utviklingsarbeidet innan sitt eige fag og for universitetet som heilskap.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
  • Løn etter lønssteg 72 - 77 i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 667 200 - 741 300 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Krav til søknad

Søknad og vedlegg skal sendast elektronisk via JobbNorge.

Søkjarar må oppgje dei arbeida eller delar av arbeida som det skal leggjast særleg vekt på ved vurderinga. Desse bør ikkje vere fleire enn 10.

Dersom søkjaren har vitskaplege arbeid som ikkje kan sendast elektronisk på grunn av format eller storleik, kan dei sendast per post (i alt 3 eksemplar/sortert i 3 like bunkar) saman med ei liste over desse til Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet, Postboks 7806, 5020 Bergen innan søknadsfristen.

Dei vitskaplege arbeida og vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskaplege arbeid på andre språk kan godkjennast etter særskild søknad innan søknadsfristen. Omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må sendast fakultetet innan søknadsfristen.

Innleverte vitskaplege arbeid blir ikkje returnert med mindre søkjaren ber om dette i søknaden.

Søknaden må dessutan innehalde namn og kontaktopplysningar til referanse som kan stadfeste korleis søkjaren fungerer i undervisningssamanheng.

Det vil bli nytta intervju, og det kan bli nytta prøveforelesing i tilsettingsprosessen.

Generell informasjon

Det blir elles vist til rettleiing for søkjarar på webadresse:

https://www.uib.no/jur/om-fakultetet/reglement-og-retningslinjer.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Søknadsfrist: 26.11.2019

Søknaden skal merkast: 2019/23689

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS