Stilling:

Førsteamanuensis i religionsvitenskap

Søknadsfrist 24. januar 2019

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i religionsvitskap med spesielt ansvar for eit nettbasert masterprogram om religiøse minoritetar.

Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religionar som kulturelle fenomen. Perspektivet er krysskulturelt og samanliknande. Instituttet tilbyr undervisning og forsking innafor eit breitt spekter av religionar, med undervisning og rettleiing på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Det er for tida 9 faste vitskaplege stillingar i religionsvitskap ved instituttet.

Kvalifikasjonskrav og arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett, må ha relevant forskingskompetanse i religionsvitskap tilsvarande norsk doktorgrad. Ved vurderinga vil det bli lagt vekt på solid og brei religionsvitskapleg kompetanse. Forsking frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.

Stillinga er i hovudsak knytt til eit nettbasert masterprogram om religiøse minoritetar som skal etablerast ved Universitetet i Bergen. Den som blir tilsett vil fungere som koordinator for dette programmet. Dette inneber administrative oppgåver, undervisning og rettleiing. I den første fasen vil den som blir tilsett vere ansvarleg for å førebu etableringa av det nye programmet. I tillegg til relevant forskingsbakgrunn, må den som blir tilsett ha omfattande kompetanse i undervisning og rettleiing og ha kunnskap om digitale læringsplattformer.

Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir derfor tillagt vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil og bli tillagt vekt.

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett, vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Undervisnings- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år frå tilsetjing. Det vil bli gitt tilbod om norskopplæring.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi kan tilby

  • Løn tilsvarande lønssteg 64 (kode 1011/LR24) i statens regulativ. Dette utgjer ei årsløn på 565.100,- brutto. Vidare opprykk skjer ettertenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga og ein presentasjon av det nye studieprogrammet kan ein få gjennom å ta kontakt med:

  • Instituttleiar, professor Jan Heiret, per e-post, jan.heiret@uib.no eller tlf. + 47 55 58 97 62, eller
  • Fagkoordinator for religionsvitskap, professor Håkan Rydving, per e-post, hakan.rydving@uib.no eller tlf. +47 55 58 24 47

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGEN».

Dette må vere inkludert i søknaden:

1. Søknadsbrev som inneheld ein omtale av motivasjonen for å søkja denne stillinga.

2. CV

3. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular

4. Informasjon om og dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar, med særleg vekt på undervisningsfilosofi, innovative idear og digital læring.

5. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd, med særleg vekt på erfaring med etablering og administrasjon av studieprogram.

6. Publikasjonsliste (som vedlegg)

7. Inntil 5 vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga

8. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format. Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Andre opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

For meir informasjon om tilsettingsprosessen klikk her.

Søknadsfrist: 24. januar 2019

Søknaden skal merkast: 18/14342

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS