Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i oseanografi

Søknadsfrist: 02.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i oseanografi

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis i oseanografi for ein periode på 2 år med moglegheit for forlenging.

Om instituttet

Geofysisk institutt driv undervisning og forsking i meteorologi, klima og fysisk og kjemisk oseanografi. Videre koordinerer instituttet masterutdanning i energi på vegne av Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Høgskulen på Vestlandet. Instituttet har 19 faste vitskaplege stillingar og 19 teknisk/administrative stillingar. I tillegg har instituttet for tida 15 bistillingar og til saman ca. 55 ph.d. studentar, postdoktorar og forskarar i miljøet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Geofysisk institutt ha rei målsetting om å styrke forskinga innan oseanografi og utdanninga innan fysisk oseanografi i områda frå Norskehavet, Barentshavet til kontinentalsokkelen, fjorder og kystområda spesielt med fokus på numerisk modellering. Vi søkjer derfor etter ein person som har ambisjonar og planar innanfor dette feltet. Interesse for og erfaring frå undervisningsutvikling innanfor fysisk oseanografi og modellering vil bli lagt vekt på.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan oseanografi eller tilsvarande kompetanse.
  • Søkjarar må kunne dokumentere kompetanse innan fysisk oseanografi, dynamisk oseanografi og numerisk modellering.
  • Evne til idealisert og/eller reell numerisk modellering av studier på regional eller fjordskala må kunne dokumenterast.
  • Søkjarar må vise evne til å publisere forskningsresultat på internasjonalt nivå utover doktorgrad. Både kvalitet og kvantitet vil bli lagt vekt på.
  • Søkjarar må kunne dokumentere erfaring frå undervising og rettleiing og ha ambisjonar om å utvikle eit aktivt læringsmiljø.
  • Søkjarar må dokumentere sin eigen forskingsplan, evne til samarbeid og evne til å styrke instituttet sin posisjon på områda som er relevante for denne stillinga
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Søkjarar må kunne dokumentera evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011/LR 24.10). Dette utgjer ei årsløn på kr 586 500 -682 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS