Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i norsk som andrespråk

Søknadsfrist: 27.10.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei 100 % fast stilling som førsteamanuensis i norsk som andrespråk.

Aktuelle arbeidsoppgåver:

Denne stillinga er særleg knytt til det nettbaserte fjernundervisningsstudiet PRISME – norsk som andrespråk. Prismestudiet gir grunnleggjande kunnskapar om norsk som andrespråk og rettar seg mot undervisning i skulen og i vaksenopplæringa. Sentrale tema i studiet er grammatikk, fonologi og læringsteori i ein andrespråkskontekst.

Undervisninga på Prismestudiet omfattar fagleg oppfølging av studentar, kommentering av obligatoriske oppgåver, oppdatering og vidareutvikling av undervisningsressursar og eksamensarbeid. I tillegg kjem noko administrasjon og koordinering.

Den som vert tilsett vil vere ein del av norsk som andrespråk-miljøet på instituttet. Det er ønskjeleg med utveksling av lærarkrefter mellom PRISME og andre delar av studietilbodet i norsk som andrespråk. Det betyr at sjølv om den som tek stillinga som hovudregel vil ha undervisnings- og emneansvaret på PRISME-studiet, vil ein kunne bli pålagd og tilboden anna undervisningsarbeid ut frå kvalifikasjonar.

Det er forventa at den som tek stillinga skal kunne leie og ta initiativ til forskingssamarbeid inkludert eksternt finaniserte forskingsprosjekt.

Kvalifikasjonar:

Søkjarar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande, fortrinnsvis i norsk som andrespråk med språkleg innretning. Søkjarar med doktorgrad frå andre felt innanfor norsk språk kan kjennast kvalifiserte under føresetnad av at dei elles har eit tilstrekkeleg solid grunnlag i norsk som andrespråk i form av eiga forsking eller utdanning, sekundært undervisning i studiefaget.

Dei faglege kvalifikasjonane vil vege tungt, men ikkje åleine vere avgjerande for vurderinga av søkjarane. Det vil verte lagt stor vekt på både personlege eigenskapar, forskingsinteresser og -ambisjonar og pedagogiske evner som er viktige for denne stillinga. Interesse for og erfaring med etter- og vidareutdanning (EVU) vil òg telje positivt. Den som vert tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Søkjarane må dokumentere dei pedagogiske kvalifikasjonane sine.

Søkjarane må ha gode skriftlege ferdigheiter tilsvarande morsmålsnivå i norsk og må meistre båe målformer (bokmål og nynorsk) for å vere aktuelle for stillinga.Erfaring med innhenting av ekstern finansiering er ein føremon.

Vi kan tilby:

  • Eit godt fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 (kode 1011/LR 24, alt. 8) i lønsregulativet for staten ved tilsetjing. Dette utgjer 572 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida ”SØK STILLINGEN”. Dette må følgje søknaden:

  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon)
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar
  • Oversikt over undervisningserfaring og administrativ erfaring og egen forskningsplanar
  • Dokumentasjon over pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Inntil 5 vitskaplege arbeid (inkl. doktorgradsavhandlinga). I tillegg kan det sendast inntil 5 populærfaglege og praksisretta arbeid, t.d. læremiddel. Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av fleire vitskaplege arbeid frå ein eller fleire av søkjarane.

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format

Søknaden med alle vedlegg må vere lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen, anten som word- eller pdf-fil. Der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

NB: Søknadene blir vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Andre opplysningar:

Utfyllande opplysningar kan ein få av:

  • Fagkoordinator førsteamanuensis Ann-Kristin Helland Gujord, tlf. 55 58 24 57, e-post: ann-kristin.gujord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS