Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i hydrogeologi

Søknadsfrist: 08.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis innan hydrogeologi.

Om instituttet

Instituttet har ei sentral rolle i UiB sine satsingsområder på marin forsking samt på klima og energiomstilling. I erkjenning av den globale betydinga av grunnvatn, som dekker kring 75 % av verdas behov for ferskvatn ynskjer instituttet å investere i kompetanse og bygge opp kritisk masse i hydrogeologi. Faktisk er mange av verdas regionar og nasjonar nær 100 % avhengige av grunnvatn for vassforsyning, inkludert dei fleste storbyane i verda og dei underutvikla landlege områda i Asia, Afrika og Sør-Amerika. Grunnvatn er også verda si viktigaste kjelde for vatning, det er avgjerande for global matsikkerheit, og støtter kjelder, bekkar og elver som understøtter mange økologisk viktige våtmarksområde. Hydrogeologi understøtter også mange undergrunnsapplikasjonar knytt til klimaendringar, energisikkerheit og bærekraftig bruk av naturressursar.

Den ledige stillinga er knytt til forskargruppa i Geodynamikk og Bassengstudier. Vitskapleg tilsette ved instituttet har tilgang til moderne forskingsfasilitetar, inkludert ei rekkje avanserte laboratorier, kraftig data-infrastruktur samt havgåande forskingsfartøy. Fleire av desse har status som nasjonale forskingsfasilitetar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Vi søkjer ein kandidat som skal utvikle og oppretthalde eit energisk, eksternt finansiert forskingsprogram innan hydrogeologi. Det er venta at den som vert tilsett vil utforske undergrunns- og overflatefordeling og rørsle av vatn i fjell og jord for å avklare samspelet mellom vatn, klima, landlege og/eller marine landskap og menneskeskapte system.

Vi søkjer ein framifrå forskar med erfaring frå grunnleggjande geofaglege spørsmål over ei rekke tidsmessige og romlege skalaer, slik som koplingar mellom den hydrologiske syklusen, erosjon og forvitring, robustheit av terrestrisk vassforsyning i et skiftande miljø eller lagring, transport og opprydding av miljøgifter. Kandidatar som kan demonstrere ekspertise / merittliste innan hydrogeologisk modellering av grunnvatn og praktisk feltbasert forsking relatert til væskestrøm i undergrunnen, akvifer-karakterisering og forureining / hydrogeokjemisk transport vil spesielt utfylle eksisterande ekspertise ved instituttet.

Instituttet forventar at den som blir tilsett bidrar aktivt til initiering av nasjonale og internasjonale prosjektaktivitetar. Kandidatar som tydleg demonstrerer ein forskingsvisjon som klart syner potensiale for samarbeid med eksisterande stab vil bli føretrekt.

Universitetet sine generelle forskrifter forlangar at ein akademisk tilsett skal ta del i undervisinga og tilhøyrande eksamens-/vurderingsarbeid, rettleie master/ph.d.-studentar og presentere eigne forskingsresultat på konferansar og i internasjonale tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan geofag.
  • Søkjarar må ha dokumentert kompetanse i hydrogeologi med relevans for geofagleg forsking og undervising.
  • Søkjarar må kunne dokumentere forsking av høg internasjonal standard og vise til eit godt internasjonalt nettverk.
  • Søkjarar må kunne demonstrere eit sterkt engasjement for å undervise i hydrogeologi både på bachelor- og mastergradsnivå.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet, og søkjarar bør dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • ekspertise / merittliste innan hydrogeologisk modellering av grunnvatn og praktisk feltbasert forsking relatert til væskestrøm i undergrunnen, akvifer-karakterisering og forureining / hydrogeokjemisk transport er ein føremon.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, og den som blir tilsett må kunne undervise på norsk innan to år etter tilsetjinga.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011). Dette utgjer ei årsløn på kr 594 400,- – 691 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si motivasjon for å søkje denne stillinga, dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking, samt søkjaren sin visjon for utviklinga av økonomisk geologi som fagretning ved instituttet (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadar sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Ritske Huismans, Institutt for geovitenskap, e-post: Ritske.Huismans@uib.no, tlf. +47-55588117 / +47-92270930

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS