Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i arbeids- og organisasjonspsykologi (vikariat)

Søknadsfrist: 30.10.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis i arbeids- og organisasjonspsykologi frå 01.01.2020 til 31.12.2020.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • undervising, rettleiing og sensur på bachelor- og masternivå i arbeids- og organisasjonspsykologi, andre undervisningsoppgåver kan òg verte aktuelle
  • administrative oppgåver, møtedeltaking og komitéarbeid på line med dei andre tilsette ved instituttet
  • samarbeide tett med kollegaer innan fagfeltet og andre ved instituttet
  • bidra til instituttet si forsking innan arbeids- og organisasjonspsykologi
  • bidra til styrking av praksisprofilen til bachelor- og masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må på søknadstidspunktet ha doktorgrad innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi eller anna fagfelt relevant for stillinga
  • søkjar må ha undervisningserfaring innan arbeids og organisasjonspsykologi
  • erfaring knytt til rolla som internkonsulent, eksternkonsulent eller andre rådgjevingstenester og formidlingsverksemd vil bli vektlagt
  • han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise, sensurere og ta del i alle instituttaktiviteter på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstart

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 - 70 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 565 100 - 631 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Ei oversikt som listar undervisningserfaringa du har innan arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Eventuelle vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjars ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurderin i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden jf. siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS