Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap

Søknadsfrist: 15.09.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar (LLE)

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei 100 % stilling som førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap med tiltredelse fra 1. Mai 2020 eller snarast mogleg etter dette.

Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida åtte innanfor faget allmenn litteraturvitskap.

Den som tek til i stillinga, skal undervise og veilede studenter, og forske i allmenn litteraturvitskap. Stillinga er open for søkjarar med ulik fagleg profil innanfor dette fagområdet.

Aktuelle oppgåver:

Den som blir tilsett, skal ta del i undervisninga i samsvar med dei studieordningane som gjeld. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og innanfor alle program der litteraturvitskap inngår.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også få ulike fagleg-administrative oppgåver.

Det er ein føresetnad at stillingsinnehavaren er busett i Bergen

Kvalifikasjonar:

Søkjarar må ha doktorgrad i allmenn litteraturvitskap eller tilsvarande kompetanse. Ein vil leggje vekt på både fagleg breidde og særskild spesialkompetanse. Søkjaren må dokumentere solid litteraturteoretisk kompetanse.

Søkjarar må ha publisert forskingsresultat ut over doktorgrad. Det er ein fordel med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Erfaring frå forskingsleiing og -formidling vert òg positivt vektlagt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil og bli tillagt vekt. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt.

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Norskkurs for internasjonalt tilsette er tilgjengelig.

Vi kan tilby:

  • Eit aktivt, levande og støttande forskingsmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 572 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden:

Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenka SØK STILLINGEN på denne sida.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar
  • Oversikt over undervisningserfaring og administrativ erfaring og egen forskingsplanar
  • Dokumenterer over pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle)
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Inntil 5 vitskaplege arbeid (arbeidene kan inkludere avhandlinger, monografier eller artikler). I tillegg kan det sendast inntil 5 populærfaglege og praksisretta arbeid, t.d. læremiddel. Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av fleire vitskaplege arbeid frå ein eller fleire av søkjarane.

Søknaden med alle vedlegg må vere lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen, anten som word- eller pdf-fil. Der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

NB: Søknadene blir vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til fakadm@hf.uib.no.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Erik Bjerck Hagen, tlf. 55 58 89 95, e-post erik.hagen@lle.uib.no, eller
  • Instituttleiar Anders Fagerjord, tlf.: 55 58 36 53, e-post anders.fagerjord@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS