Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i algoritmar

Søknadsfrist: 31.01.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i algoritmar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i algoritmar.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentlig forvaltning og utdanning gjer at informatikk speler ein stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk speler i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant av 50 stipendiatar og 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar. Vi har nyleg etablert Center for Data Science (CEDAS) som ein viktig utviding av vår aktivitet innan forsking og utdanning.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vera hos forskingsgruppa algoritmar. Denne gruppa har oppnådd stor suksess og synlegheit i den internasjonale forskingsfronten. Gruppa har så langt fått fire personlige tildelingar frå ERC og to tildelingar for yngre forskartalentar frå Noregs Forskingsråd, samt ei lang rekkje med andre prestisjefylte tildelingar frå Forskingsrådet og Trond Mohn Stiftelse.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer ein høgt kvalifisert person med stort potensial for å bli ein profilert vitskapleg leiar innan området algoritmar i nær framtid.

  • Søkjarar må ha ein doktorgrad eller tilsvarande grad innan informatikk eller eit nærliggjande felt. Fagområdet for denne stillinga ligg i kjerneemna i diskret algoritmar, til dømes: algoritmeanalyse, datastrukturar og eksperimentelle algoritmar.

Den ikkje-uttømmande lista over tema innafor stillingsområdet inkluderar:

- Algoritme-engineering

- Algoritmiske aspekt ved nettverk

- Algoritmiske grunnlag for maskinlæring

- Algoritmisk spillteori

- Tilnærmingsalgoritmar

- Geometriske algoritmar

- Datakomprimering

- Datastrukturar

- Distribuert og parallell databehandling

- Dynamiske algoritmar

- Grafalgoritmar

- Online algoritmar

- Parameteriserte algoritmar

- Mønster-gjenkjenningsalgoritmar

- Randomiserte algoritmar

- Streaming algoritmar

  • Den rette kandidaten vert forventa å publisera i dei øvste konferansar og tidsskrift innan algoritmar; å kunne vise til historikk i denne retninga er ein sterk fordel.
  • Dokumentert evne til å skaffa ekstern forskingsfinansiering er ein sterk fordel.
  • Søkjarar må kunna jobba sjølvstendig og ha sterke samarbeidsevner.
  • Erfaring med undervisning og studentrettleiing er eit strengt krav. Å kunne dokumentere framifrå eigenskapar innan undervisning er ein sterk fordel.
  • Dokumentert erfaring innan formidling, populærvitskaplig framstilling, studentaktivitetar og arrangement for studentar, som programmeringskonkurransar, er ein sterk fordel.
  • Søkjarar må ha framifrå evner i munnleg og skriftleg engelsk.
  • Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil telja tungt når ein evaluerer kandidatane.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, og den som blir tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011). Dette utgjer ei årsløn på kr 594 400 – 691 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • Ei fullstendig liste over undervisningserfaring, samt ei kort utgreiing om søkjaren sin undervisningsvisjon.
  • Vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • Namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 31.01.2020

Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Lene Sørheim

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS