Stilling:

Førsteamanuensis (50 %) i odontologi (oral protetikk)

Søknadsfrist 10.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis (50 %) i odontologi (oral protetikk)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i odontologi (oral protetikk). Arbeidsstad er Institutt for klinisk odontologi, Det medisinske fakultet, Årstadveien 19, Bergen.

Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen har fem institutt. Ved Institutt for klinisk odontologi er hovudoppgåvene forsking, forskarutdanning, formidling og utdanning av tannlegar, tannpleiarar og kvalifiseringskandidatar, i tillegg til spesialist-/spesialutdanning i kliniske odontologiske fag. Odontologisk universitetsklinikk er ein integrert del av instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • den som vert tilsett skal undervise i oral protetikk
  • den som vert tilsett vil ha rettleiing/undervisning av bachelor- og mastergradsstudentar, kandidatar på kvalifiseringsprogrammet, spesialistkandidatar i oral protetikk og ph.d.-kandidatar

Den som vert tilsett vil få undervisningsoppgåver, klinisk og teoretisk undervisning, i faget oral protetikk i samsvar med gjeldande studieplanar. Den teoretiske og kliniske undervisninga femner om grunnutdanning for tannlege- og tannpleiarstudentar, kvalifiseringsprogrammet og spesialistutdanning av tannlegar i oral protetikk. Undervisingsplikten omfattar mellom anna ei klinisk økt i uka.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Forskingsaktiviteten ved instituttet er organisert i større prosjekt. Dei tematiske satsingsområda omfattar oral inflammasjon og infeksjon, biomaterialar, styrt vevsbygging og regenerasjon og pasientnær og samfunnsretta klinisk odontologisk forsking. Eit senter for klinisk forsking har verte etablert for å kunne koordinere teknisk støtte og service.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk odontologisk embetseksamen eller tilsvarande kompetanse og må ha norsk ph.d.-grad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • søkjar må vere godkjent spesialist i oral protetikk i Noreg eller anna skandinavisk land. Søkjarar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato.
  • søkjar må kunne dokumentere omfattande klinisk erfaring og i tillegg erfaring frå klinisk og teoretisk undervisning
  • det vil verte lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging, nasjonalt og internasjonalt
  • det vil verte lagt vekt på evne til å skaffe eigne forskingsmidlar
  • pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • søkjer må meistre norsk eller skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god tilgang til kjernefasilitetar
  • førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 68 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 607 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i pdf format
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Instituttleiar professor Anne Nordrehaug Åstrøm, tlf.: 55 58 66 04, e-post: Anne.Aastrom@uib.no eller
  • Seksjonsleiar professor Morten Eirik Berge, tlf.: 55 58 66 36, e-post: Morten.Berge@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS