Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis (20% bistilling) i geriatri

Søknadsfrist: 10.11.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 %) i medisin (geriatri). Stillinga skal vere knytt til hovedstillig som overlege ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus og ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Den som skal tilsetjast skal undervise i geriatri for legestudenter ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus
  • Arbeide med forsking i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking innan geriatri

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

- Søkjar må ha norsk doktorgrad i medisin (geriatri) eller tilsvarande kompetanse

- Den som vert tilsett skal undervise i geriatri ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus

- Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

- Den tilsette skal arbeide med forsking i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking innan geriatri.

- Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

- Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 66-72 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-667 200, eller lønssteg 68-74 (spesialistutdanning) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg
  • Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Instituttleiar Pål Rasmus Njølstad pal.njolstad@uib.no eller
  • Leiar for geriatriundervisninga professor Anette hylen Ranhoff anette.ranhoff@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS