Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (klinisk kreftforsking)

Søknadsfrist: 08.12.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (klinisk kreftforsking)

Ved Senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Cancer Biomarkers CCBIO, ved Klinisk institutt 2 ved Det medisinske fakultet, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (klinisk kreftforsking) for ein periode frå tiltreding fram til og med 30.06.2023. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling ved Helse Bergen sin Klinisk Forskingspost og Kreftavdelinga. Arbeidsstad er ved Haukeland Universitetssjukehus. Stillinga er finansiert av Norges Forskningsråd.

Om CCBIO

CCBIO leiast av professor Lars A. Akslen og arbeider med biomarkørar for å oppnå ei betre forståing av kreftsvulstar og meir presis kreftbehandling. Forskarane har eit særleg fokus på mekanismar og markørar knytt til korleis svulstar veks og samhandlinga mellom svulstceller og mikromiljøet, og korleis dette påverkar kreftspreiing og dårlig prognose. Forskingsaktiviteten er organisert i fire program: basale studie og dyre-modellar (Program 1), kartlegging og validering av nye biomarkørar (Program 2), kliniske studiar (Program 3) og studiar av etiske-, økonomiske- og prioriteringsmessige problemstillingar (Program 4). CCBIO har ein sterk internasjonal profil og samarbeidspartnarar på verdsbasis.

Meir om CCBIO.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • den som skal tilsetjast skal arbeide innan CCBIO sitt Program 3 med klinisk utprøving innan kreftstudiar med internasjonale partnarar som har overlappande akademisk samarbeid innanfor CCBIO sitt biomarkørprogram
  • rettleiing av master- og ph.d. kandidatar kan verte aktuelt
  • undervising i CCBIO 906 samt andre kurs i CCBIOs Research School for Cancer Studies
  • undervisingsspråket er til vanleg engelsk

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk doktorgrad innan klinisk kreftforsking eller tilsvarande kompetanse, og vere godkjent spesialist i onkologi.
  • Søkjar må kunne dokumentere eiga forsking innan persontilpassa medisin innan kreftbehandling.
  • Søkjar må ha erfaring frå klinisk tidleg-fase utprøving og samarbeid med internasjonale industripartnarar.
  • Søkjar må ha dokumentert erfaring med etablering av forskingsbiobank (metodar).
  • For å kunne ha tilgang til elektronisk pasientjournalsystem (Dips) og praktisk moglegheit til å rekruttere og følgje opp pasientar til prosjekt innan klinisk utprøving og samtidig bidra til tilhøyrande akademiske substudiar, må søkjar ha stilling ved Klinisk Forskingspost og Kreftavdelinga ved Helse Bergen.
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan leiing og koordinering av forskingsprosjekt, samt dokumentert vilje og evne til samarbeid.
  • Søkjar må ha flytande ferdigheiter i norsk og engelsk skriftleg og munnleg.
  • Søkjar må ha deltatt i vitskapeleg rettleiing på master og/eller ph.d.-nivå
  • pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga, sjå retningsliner på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 66-72 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400 – 667 200, eller lønssteg 68-74 (spesialistutdanning) for tida kr 615 900 – 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) som pdf
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS