Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis - Senter for krisepsykologi

Søknadsfrist: 05.01.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Vi skal styrke vår stab ved Senter for krisepsykologi, Det psykologiske fakultet med ei fast 100 % stilling som førsteamanuensis. Stillinga skal bidra til å styrke vårt strategiske satsingsområde psykososiale forhold ved alvorleg somatisk sykdom. Oppstart i stilling frå august 2020 eller etter nærmare avtale.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar om å gjennomføre klinikknær utdanning og forsking
  • Undervisning og rettleiing av studentar, samt rettleie studentstipend, stipendiatar og forskarar innan eige fagområde
  • Utvikle nye søknadar om ekstern finansiering av forsking frå NFR, Helseføretaket, EU og andre finansieringskjelder
  • Ta del i arbeidet med å utvikle nye undervisningsemne og studieprogram ved senteret
  • Ta del i publisering, formidling og fagleg administrativt arbeid ved senteret

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha doktorgrad i psykologi eller helsefag med innretning mot behandlingsforsking, helsefremjande arbeid eller helsepsykologi
  • Røynsle frå forsking og utdanning med relevans for psykososiale forhold ved alvorlig somatisk sjukdom vil bli vektlagt
  • Det vil vere ein føremon at søkjar har norsk autorisasjon som helsepersonell og erfaring frå arbeid i primær- eller spesialisthelsetenesta
  • Erfaring frå nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid og vitskapleg publisering
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing av studentar som skriv master/hovudoppgåver
  • Forskingsadministrativ erfaring, bedømming og fagfellevurdering
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men den som blir tilsett bør også ha erfaring i å undervise på engelsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 - 77 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Det kan verte aktuelt med direkteplassering. Dette utgjer ei årsløn på kr 572 700 - 740 900 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Inntil 10 vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (jf. siste kulepunkt).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • professor Jarle Eid, Senter for krisespsykologijarle.eid@uib.no, +47 55 58 91 88

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS