Stilling:

Professor / førsteamanuensis i kognitiv psykologi

Søknadsfrist 07.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor/førsteamanuensis

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast 100 % stilling som fortrinnsvis professor, eventuelt førsteamanuensis, i kognitiv psykologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Undervisning, rettleiing og sensur i kognitiv psykologi, mellom anna innafor dei tematiske områda bedømming, avgjerdstaking og resonnement
  • Andre sensur-, rettleiings-, og undervisningsoppgåver ved instituttet kan òg vere aktuelle på bachelor-, master- og doktorgradsnivå
  • Utforming og rettleiing av både teoretiske og empiriske forskingsprosjekt for studentar som studerer kognitiv psykologi
  • Ta del i komitéarbeid og fagleg administrativt arbeid ved instituttet
  • Bidra til å utvikle nasjonale og internasjonale forskarnettverk innan kognitiv psykologi, og å initiere og å ta del i søknadsskriving

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha doktorgrad i psykologi på søknadstidspunktet
  • Søkjar må ha kompetanse innan kognitiv psykologi, og spesielt innan områda bedømming, avgjerdstaking og resonnement
  • Det er ynskjeleg med professorkompetanse innan kognitiv psykologi
  • Søkjar må kunne vise til relevant forsking innan kognitiv psykologi
  • Det vil vere ynskjelig at søkjar har autorisasjon som psykolog eller fyller krava til slik autorisasjon på søknadstidspunktet
  • Det vil vere ynskjeleg med erfaring innan klinisk relevante område av kognitiv psykologi
  • Det vil vere ynskjelig med brei kompetanse innan metode
  • Han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Han eller ho må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og må samarbeide godt med både kollegaer og studentar
  • Han eller ho må ha evne til å skape eit godt læringsmiljø
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men det vil og bli gitt engelske forelesingar. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga, og at søkjar må ha gode engelskkunnskapar ved oppstart i stillinga, både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som professor etter lønssteg 77 - 85 (kode 1013) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 731 000 - 921 900 brutto. Dersom det ikkje er tilstrekkeleg kvalifiserte søkjarar til professorstilling, kan det verte aktuelt å tilsetje i stilling som førsteamanuensis. Løn som førsteamanuensis vil vere etter lønssteg 67-74 (1011/lønsramme 24, alternativ 8 - 10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 597 000 - 681 800 brutto. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 15)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Roar Espevik, e-post: Roar.Espevik@uib.no, tlf. 55 58 23 26

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS