Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor / førsteamanuensis i helseøkonomi

Søknadsfrist: 24.11.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor/førsteamanuensis i helseøkonomi

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.


Det samfunnsvitskaplege fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultetet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS) og Det samfunnsvitskaplege fakultet, Institutt for økonomi (IØ) er det ledig ei fast stilling som professor/førsteamanuensis (100 %) i helseøkonomi. Søkjarane vert primært vurdert i forhold til lista av kvalifikasjonar og eigenskapar, og dersom to søkjarar står likt vil ein søkjar med professorkompetanse gå føre ein søkjar utan professorkompetanse.

Stillinga skal vere knytt til fagområdet Etikk og Helseøkonomi (ETØK) ved IGS og forskingsgruppa Velferd, arbeid og helse ved Institutt for økonomi. Kontorstad vert avtalt ved tilsetjing.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett vil ha eit særleg ansvar for forskingsprosjekt som nyttar kompetansen frå begge dei to miljøa. Døme på dette kan vere å bidra med helseøkonomisk forsking i kliniske forsøk eller å nytte økonomisk teori og metode til å studere relevante problem for organisering og finansiering av helsetenester. Det er ei målsetjing at Universitetet i Bergen skal verte ein sentral nasjonal aktør for økonomisk evaluering av helseintervensjonar, og den som vert tilsett vil ha eit ansvar for å bidra til å nå denne målsetjinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk ph.d.-grad eller tilsvarande kompetanse i samfunnsøkonomi med kompetanse innanfor helsefeltet, eller i helseøkonomi. Kandidatar med utanlandsk grad skal vurderast av NOKUT dersom det er tvil om ph.d.-graden svarar til norsk ph.d.-grad
  • den som vert tilsett skal undervise ved Det medisinske fakultet og Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Bergen, og må ha framifrå pedagogiske kvalitetar
  • pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga, sjå retningsliner på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • det vert lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt og dokumentert evne til å skaffe eksternfinansiering
  • det vert lagt særleg vekt på dokumentert evne til publisering i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift av høg kvalitet. Publikasjonar frå dei siste fem år vil vektleggas spesielt
  • det vert lagt vekt på kompetanse i metodar for økonomisk evaluering av helsetiltak og interesse for tverrfaglege problemstillingar

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid. Det vert vidare lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i to fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 77-82 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 741 300 - 860 300 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 68-75 (kode 1011/lønsramme 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 615 900 - 704 900. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • liste over samt vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15) i PDF- format
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Professor Guri Rørtveit, tlf.: 55 58 61 41, e-post: Guri.Rortveit@uib.no eller
  • Instituttleiar ved Institutt for økonomi, professor Tommy Staahl Gabrielsen, tlf.: 55 58 92 21, e-post: Tommy.Gabrielsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS