Stilling:

Professor / førsteamanuensis i helsefremjande arbeid og helsepsykologi

Søknadsfrist 31.01.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor/førsteamanuensis

Ved Senter for krisepsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 100 % stilling som professor/førsteamanuensis i helsefremjande arbeid og helsepsykologi da vi ynskjer å styrke senterets fagkompetanse på klinikknær forsking og helsefremjande tiltak retta mot barn og vaksne med alvorleg somatisk sjukdom.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar om prosjektutvikling og forsking innan behandlingsforsking og helsefremjande arbeid med særleg vekt på psykososial helse og mestring av alvorleg somatisk sjukdom.
  • Leie arbeidet med å utvikle nye søknadar om eksterne finansiering av forsking frå NFR, helseføretak, EU og andre finansieringskjelder
  • Ta del i arbeidet med å utvikle nye undervisningsemne ved senteret
  • Ta del i publisering, formidling og fagleg administrativt arbeid ved senteret
  • Rettleiing av studentstipend, stipendiatar og forskarar innan eige fagområde.
  • Undervisning og rettleiing av studentar som skriv master- eller hovudoppgåver ved senteret

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må på søknadstidspunkt ha doktorgrad i psykologi eller helsefag med innretning mot behandlingsforsking og/eller helsefremjande arbeid med særleg vekt på psykisk helse og mestring av alvorleg somatisk sjukdom.
  • Det vil vere ein føremon at søkjar har norsk autorisasjon som helsepersonell og erfaring frå forsking og utdanning i primær- eller spesialisthelsetenesta.
  • Søkjarar må kvalifisere for stilling som professor i psykologi eller helsevitskap. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar med slik bakgrunn, kan det verte aktuelt med tilsetting som førsteamanuensis innanfor same fagområde.
  • Erfaring med prosjektutvikling, søknadsprosessar og prosjektleiing frå Norges forskingsråd, EU eller andre kjelder.
  • Brei erfaring frå nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid, forskingsleiing og vitskapleg publisering,
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing av studentar som skriv master/hovudoppgåver og PhD kandidatar.
  • Forskingsadministrativ erfaring, bedømming og fagfellevurdering.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men den som blir tilsett bør også ha erfaring i å undervise på engelsk.
  • Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • For professorstilling: Løn etter lønssteg 77 - 85 (kode 1013) etter hovudtariffavtalene i staten. Dette utgjer for tida kroner 731 000 - 921 900. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • For førsteamanuensis: Løn etter lønssteg 64 - 70 (kode 1011/LR24, alt. 8-10) etter hovudtariffavtalene i staten. Dette utgjer for tida kroner 565 100 - 631 300. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga. Ved vurdering til professor er dette maksimalt 15 vedlegg, og ved vurdering til førsteamanuensis maksimalt 10 vedlegg

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (jf. siste kulepunkt).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Senterleder Jarle Eid, e-post: jarle.eid@uib.no, Tlf: 55 58 9188

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS