Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor / førsteamanuens (20 %) i medisin (dermatovenerologi)

Søknadsfrist: 30.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Professor/førsteamanuensis (20 %) i medisin (dermatovenerologi)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som professor (20 %) i medisin (dermatovenerologi) frå 1. august 2019. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med professorkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje førsteamanuensis (20 %). Stillinga er knytt til stilling ved Seksjon for hudsjukdommar, Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved dette sjukehuset.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Hovudoppgåva for stillinga er forsking, undervisning og formidling innan dermatovenerologi.

Det er eit ønskje at forskinga skjer i samarbeid med andre forskarmiljø, og internasjonalt nettverk er ein føremon. Seksjon for hudsjukdommar ønskjer å bidra i translasjonell forsking, og søkjar må også vere villig til å bidra i oppbygging av biobank for hudsjukdommar. Ein ber om at pågåande forsking vert dokumentert. Den tilsette pliktar til å medverka til aktiv rekruttering og forskingsrettleiing av studentar og stipendiatar, og å fremja forskinga ved universitet og sjukehus. Det er ønskjeleg at forskinga vert knytt opp mot prioriterte forskingsområde ved Det medisinske fakultet.

Den som vert tilsett vil få delansvar for utforming av undervisninga i hud- og veneriske sjukdommar i samsvar med den til kvar tid gjeldande studieplan, og for undervisning av studentar. Det vert venta at ein tar ansvar for oppbygging av eit aktivt forskingsmiljø, og at ein legg fram plan for eiga forsking, med utgangspunkt i institusjonen sin forskingsstrategi.

Søkjarar må dokumentera undervisnings- og administrativ erfaring, og erfaring med populærvitskapleg formidling.

Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervisning og eksamensavvikling ved instituttet i dei studieprogram og etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og fagleg kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk ph.d.-grad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse, og vere godkjent spesialist i hud og veneriske sjukdommar
  • det vert lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid, og dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det vert kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 77-79 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 731 400 - 778 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 586 500 eller lønssteg 68 (spesialist) for tida kr 607 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar professor Kjell-Morten Myhr, tlf.: 414 47 868 eller e-post: Kjell-Morten.Myhr@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS