Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis (innstegsstilling) i maskinlæring

Søknadsfrist: 15.09.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Førsteamanuensis (innstegsstilling) i maskinlæring

Institutt for informatikk ønskjer å rekruttere ein førsteamanuensis i maskinlæring i innstegsstilling. Dette er ei åremålsstilling med varigheit i seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som professor ved slutten av tilsetjingsperioden.

Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Maskinlæring er eit særskilt satsingsområde ved instituttet og vi er i ferd med å bygge ei sterk forskingsgruppe i maskinlæring. Utlysing av stillinga er eit ledd i desse planane. Nyleg har vi også oppretta Center for Data Science som maskinlæringsgruppa er ein sentral del av. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.

Våre etablerte forskingsgrupper, spesielt gruppene i algoritmar, bioinformatikk og visualisering, ønskjer utvida samarbeid med maskinlæringsgruppa. Den som vert tilsett i stillinga er forventa å jobbe mot auka synlegheit og produktivitet i maskinlæringsgruppa, og bidra til framifrå forskning og utdanning ved instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Ordninga med tilsetjing i innstegsstilling skal bidra til å rekruttere dei beste kandidatane til professor i fast hovudstilling. Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon.

  • For at søkjarar skal verte vurdert kvalifiserte, kan det ikkje ha gått meir enn fem år sidan avlagt doktorgrad. Søkjaren kan få tillegg i tid for permisjon knytt til fødsel eller adopsjon.
  • Ei midtvegsevaluering skal utførast i starten av fjerde året.
  • Ei sluttevaluering skal utførast i starten av det sjette året.
  • Fast tilsetjing som professor avheng av ei tilfredsstillande sluttevaluering.
  • Kandidaten vil utføre dei same oppgåvene som eit fast medlem av fakultetet
  • Ein stipendiat (ph.d.-stipendiat) vil verte tildelt stillinga i løpet av andre året.
  • Kandidaten skal ha faglege mentorar i store delar av perioden, spesielt i startfasen

Tilsette på innstegsvilkår kan søkje om forsert sluttevaluering etter minst tre års tilsetting i stillinga. Ved negativt resultat vil den tilsette kunne få ein ny sluttevaluering ved åremålsperioden sitt utløp, jf. Punkt 7 i retningslinjene.

Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå og dessutan rettleiing av minst ein ph.d.-student for å oppnå dei påkravde kvalifikasjonane til professor ved utløpet av 6-årsperioden.

Nærare bestemt forventast det at følgjande oppgåver skal utførast:

  • undervisning av instituttet sine bachelorstudentar og masterstudentar innan maskinlæring og eventuelt andre relaterte fag
  • rettleiing av ph.d.-studentar innan maskinlæring
  • forsking innan maskinlæring
  • bidra til å utvikle maskinlæringsgruppa til å bli framifrå i forsking og undervisning
  • medverking og bidragsyting i søknadar om ekstern finansiering for forsking oppsøkjande verksemd når dette er aktuelt innan maskinlæring

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha oppnådd doktorgrad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk eller eit relevant felt.
  • Søkjaren må ha dokumentert forskingserfaring og -kompetanse innan maskinlæring.
  • Visjonen til maskinlæringsgruppa er å forske på grunnleggande prinsipp og algoritmar for maskinlæring. Derfor er forskingserfaring med teoretiske aspekt av maskinlæring ein stor føremon.
  • Vanlege akademiske prestasjonar vil evaluerast og vurderast deretter. Tida det har gått sidan kandidaten fullførte ph.d.-graden vil inkluderast i den totale vurderinga.
  • Dokumentert evne til å innhente ekstern finansiering er ei føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing er eit krav.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar.

Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over master- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011). Dette utgjer ei årsløn på kr 594 400 -691 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking og ein forskningsplan.
  • CV (i tillegg til å fullføre CV i Jobbnorge)
  • ph.d.-vitnemål og andre relevante vitnemål/attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • dokumentert undervisingserfaring som skisserert over.
  • namn og kontakt opplysningar til to referansar. Ein av desse skal vanlegvis vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 15.september 2019. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Krav for å få fast tilsetjing som professor ved utløp av åremålsperioden

Arbeidsavtalen, saman med utlysingstekst og stillingsomtale, fastset resultata, krava og kriteria den tilsette skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få fast tilsetjing som professor.

I tillegg til krava som følgjer av Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger, skal følgjande krav vere oppfylte for å få fast tilsetjing:

Forsking:

  • Kunne vise til god framdrift i utvikling av eiga forskarkarriere
  • Evne til sjølvstendig forsking, tverrfagleg samarbeid og forskingsleiing
  • Dokumentert sampublisering med andre forskarar i høgt rangerte internasjonale tidsskrift
  • Dokumentere aktiv deltaking og innlegg på nasjonale og internasjonale forskingskonferansar
  • Ha rettleia minst ein ph.d.-kandidat fram til fullført doktorgrad
  • Ha godt omdøme som forskingsrettleiar

Undervisning:

  • Ha deltatt i ordinær undervisning, rettleiing og eksamensavvikling
  • Ha oppnådd tilfredsstillande studentevaluering av eiga undervisning i løpet av åremålsperioden

Formidling:

  • Kunne vise til både profesjonsretta og allmennretta formidling av eiga forsking gjennom artiklar, foredrag, kronikkar og andre verkemiddel

Akademisk leiing:

  • Ha deltatt aktivt i det akademiske utviklingsarbeidet på institutt-, fakultets- og universitetsnivå.
  • Kunne vise til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og til deltaking i ulike forvaltingsorgan, sakkunnige nemnder, andre organ i sektoren og til samarbeid med andre relevante institusjonar
  • Kunne vise til oppdrag med fagfellevurdering av forskingspublikasjonar.

Internasjonalt samarbeid:

  • Aktiv deltaking i internasjonalt samarbeid, gjennomføring av samarbeidsprosjekt og publikasjonar med internasjonalt medforfattarskap.

Krav til tilsette i innstegsstilling som førsteamanuensis

I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast professorstilling. Innan fire år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om professorkompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som professor.

Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke.

Kandidaten skal informerast om utfallet av sluttevalueringa seinast seks månader før utgongen av åremålet. Kandidaten kan komma med merknader til evalueringa og det kan givast tilleggsfråsegn til dei delane av evalueringa.

Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som professor.

For å få fast tilsetjing som professor ved Institutt for informatikk (jamfør forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, § 2) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande krav til professorkompetanse som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS