Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Ledig stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i rettsvitenskap

Søknadsfrist: 26.05.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap har ledig fagstilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i rettsvitenskap

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studier og Institutt for samfunnsvitskap. Totalt er det ca. 120 fagleg tilsette ved fakultetet og vel 2000 studentar. Fakultetet har i dag ni bachelorprogram og tre masterprogram. Fakultetet har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN).


Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har vel 85 fagtilsette og 1000 studentar. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har ni bachelorprogram og eitt masterprogram.

Ved Institutt for økonomi og administrasjon er det ledig fast fagstilling i rettsvitskap. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til undervisning og rettleiing ved årsstudium i jus ved campus Sogndal.

Arbeidsplassen er Sogndal, men den som blir tilsett i stillinga må også pårekne noko undervisning ved andre campus.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing i juridiske emne, hovudsakleg ved årsstudiet i jus
  • Fagutvikling og forsking innan fagområdet.
  • Ved tilsetting som førsteamanuensis / førstelektor kan det til stillinga også liggje oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp. Det er også forventningar knytt til vitskapleg produksjon og aktiv deltaking i utvikling av søknadar mot nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking.
  • Noko undervisning ved andre campus kan bli aktuelt

Kvalifikasjonskrav:

Stillinga har slike krav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillinga
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere relevant førstelektorkompetanse
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
  • Pedagogisk kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Relevant forskings- og fagutviklingserfaring blir tillagt vekt
  • På årsstudiet vert det gjeve grunnleggjande opplæring for studentar som ikkje har hatt jus som fag før. Søkjar må difor ha kjennskap til det norske rettssystemet og kunne undervise på norsk
  • Det er ønskjeleg at søkjar har undervisnings- og rettleiingserfaring frå høgare utdanning.

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig
  • Evne til å arbeida saman med andre i team
  • Evne til å samarbeide på tvers av fagdisiplinar
  • Gode evne til formidling

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskolepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane blir sendt vidare til eit sakkunnig utval for vurdering. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1011 - førsteamanuensis / i stillingskode 1198 - førstelektor / i stillingskode 1008 - høgskulelektor

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Assisterande instituttleiar Johannes Idsø, Tlf: 57676304 eller mobil.: 40060153

2) Høgskulelektor Dag Digernes, Telefon: 57676239 eller mobil.: 91705782

Søk stilling

Powered by Labrador CMS