Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis danningsforsking

Søknadsfrist: 15.09.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er det ledig ein fast stilling som førsteamanuensis knytt til forskingsklusteret Kritisk og praksisorientert danningsforsking

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling. , .

Om stillingane:

Forskingsklusteret "Kritisk og praksisorientert danningsforsking" er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til det tverrfaglege forskingsklusteret «Kritisk og praksisorientert danningsforsking» ved fakultetet (FLKI). Forskingsklusteret blir etablert no med sikte på å styrke den empiriske danningsforskinga på fakultetet og profilere ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar (SDDP) nasjonalt og internasjonalt. Vi ønsker søkjarar som kan bidra i etablering og realisering av forskingsklusteret.

Dette inneber:

  • Utvikling av kritisk, praksisorientert danningsteori og operasjonalisering av danningsomgrepet inn mot praksisorientert empirisk forsking
  • Undervisning og rettleiing på alle nivå inkludert phd-programmet (SDDP)
  • Forskingsbasert utvikling av ei overordna tematiske ramme for phd-programmet (SDDP)
  • Prosjektutvikling
  • Arrangere konferansar, kursrekker, «summer school»
  • Publisering og redaktørarbeid
  • Vidareutvikling av forskingsbasert undervisning i phd-programmet

Kvalifikasjonskrav:

  • Doktorgrad innan danningsforsking
  • God kunnskap om danningsteoriar
  • Spesifikk kunnskap om kvalitative og/eller kvantitative forskingsmetodar
  • Erfaring frå empirisk forsking
  • Vitskaplege publikasjonar
  • Gode språkferdigheiter i engelsk munnleg og skriftleg.
  • Søkjarar må ha evne til å bygge opp eit forskarteam på phd-programmet
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig

Følgjande kvalifikasjonar vil bli tillagt vekt i vurderinga:

  • Erfaring med undervisning og rettleiing
  • Erfaring med prosjektutvikling
  • Erfaring med Internasjonalt arbeid

Språkkunnskapar:

Undervisningsspråket er til vanlig norsk, og søkjarar som ikkje meistrer norsk eller eit anna skandinavisk språk må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tilsetjingsdato

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har formell praktisk pedagogiske kompetanse, må søkjaren kvalifisere seg via kurs i høgskolepedagogikk innan to år frå tilsettingsdato.

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og inntil 5 vitskaplege arbeid. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida
  • Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Stillinga som førsteamanuensis er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. offentlegheitslova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Heimeside

Kontaktpersonar på Høgskulen på Vestlandet:

Søk stilling