Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet
Førsteamanuensis / førstelektor samfunnsvitskap
Søknadsfrist 24.03.2019
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig stilling som førsteamanuensis/ førstelektor i samfunnsvitskap frå 01.08.19 ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, på Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag.
Om stillinga:
Stillinga har arbeidsstad på Stord. Vi søkjer ein person som kan bidra med fagleg, kreativ og innovativ kompetanse innretta mot arbeid i skule og barnehage.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga er primært knytt til arbeid i grunnskulelærarutdanningane i master- og barnehagelærarutdanninga. Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, vurdering og oppfølging i praksis. Arbeid i andre utdanningar som til dømes praktisk pedagogisk utdanning, kurs og oppdrag kan bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sitt behov. Nokre av arbeidsoppgåvene kan bli knytt til skulebasert kompetanseutvikling i samarbeid med kommunar på Vestlandet.
Stillinga inneber også forsking og utviklingsarbeid. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
Dei tilsette må også delta i fagleg og administrativt arbeid på instituttet. Det må påreknast noko reising i stillinga.
Avhengig av søkjarane sin kompetanse og instituttet sitt behov vil oppgåver og ansvar bli avtala nærmare.
Kvalifikasjonskrav:
Søkjarane må ha doktorgrad eller førstelektorkompetanse innanfor eit samfunnsvitskapleg fagområde, fortrinnsvis innanfor sosiologi, statsvitskap eller sosialantropologi.
- Søkjarane må ha kompetanse innafor undervisning
- Søkjarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, samt kunne bruke engelsk skriftleg og munnleg
- Søkjarane må ha gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar og kunne arbeide sjølvstendig
Følgjande vil telje positivt i vurderinga:
- Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt..
- Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju med prøveforelesing.
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129
Høgskulepedagogikk/ rettleiing:
Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing, må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.
Sakkyndig vurdering:
Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og inntil 5 vitskaplege arbeid. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Moglegheiter for trening i arbeidstida
- Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader
Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jfr. offentlegheitslova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.
Kontaktperson på Høgskulen på Vestlandet:
- Instituttleiar Jan Helge Kallestad, tlf. 55 58 59 43 / 480 64 897