Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i religionsvitskap / religionsdidaktikk

Søknadsfrist: 20.10.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to faste stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor i religionsvitskap/ religionsdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stillingane inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Bergen

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillingane har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften. Disse oppgåvene vil være knytt til barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanningane. Det kan og vera aktuelt med oppgåver innanfor Phd-programmet, etter- og vidareutdanning og i desentralisert kompetanseheving.
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttets fagområder. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen

Det må påreknast noko reising i stillingane

Kvalifikasjonskrav:

For fast tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i religionsvitskap/ religionsdidaktikk eller innanfor eit område med relevans for KRLE-faget i skulen. For tilsetting som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Følgende teller positivt i vurderinga

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, herunder erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forsknings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Pedagogisk kompetanse
  • Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Internasjonal erfaring

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har formell pedagogiske kompetanse må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsetjingsdato jf. nasjonale retningslinjer for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskolerådet mai 2018.

Sakkunnig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar blir innkalt til intervju og prøveforelesing. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198 . Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. offentlegheitslova kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleiar Britt Randby Theodorsen tlf: +47 53 49 13 59, epost: brt@hvl.no
  • Faggruppekoordinator RLE Yvonne Margaretha Wang tlf:+47 55 58 70 60, epost: ymw@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS