Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i matematikkdidaktikk

Søknadsfrist: 22.04.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig inntil 3 stillingar i 100% som førsteamanuensis/førstelektor i matematikkdidaktikk.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet årsstudium i engelsk, masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stillingane er knytt til Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og evaluering av studentoppgåver, i tillegg til FoU-arbeid. Du må kunne undervise både i grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10) og i barnehagelærarutdanninga. Arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsverksemd kan også vere aktuelt, avhengig av kva kompetanse du har, og instituttet/fagmiljøet sine behov.

I tillegg er følgande arbeidsoppgåver relevante for stillinga:

  • Ta initiativ til, leie og gjennomføre FoU-arbeid innan matematikkdidaktikk.
  • Bidra til forsking og utvikling av forskningsmiljø innan matematikkdidaktikk.
  • Bidra til utvikling av ny master i matematikkdidaktikk.
  • Bidra til vidareutvikling av fakultetet sitt Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar
  • Undervisning, rettleiing og evaluering av Ph.D-prosjekt, masteroppgåver, samt bacheloroppgåver i grunnskole- barnehage- og videregående lærerutdanning, innan matematikkdidaktikk
  • Bidra til studentinvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar, utvikle studentane si praksisutdanning.
  • Bidra til nye og utvikling av eksisterende samarbeidsprosjekt med eksterne forskningsmiljø både nasjonalt og internasjonalt.
  • Bidra inn i forskergrupper og strategiske forskningsprogram.
  • Bidra til å utvikle samarbeidet med praksisfeltet (partnerskular og barnehager)
  • Bidra inn mot utvikling av Pedagogisk faglig Digital kompetanse (PfDK)

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen, og ha ein sterk interesse for matematikkdidaktikk og matematikkutdanning med relevante publiseringar innan dette feltet.
  • For tilsetting som førstelektor må søkar ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.
  • Søkar må ha mastergrad innan matematikkdidaktikk eller tilsvarande utdanning som er relevant for stillingsprofilen.
  • Søkar må ha erfaring frå undervisningsarbeid i dei matematiske emnene som inngår i utdanningane på instituttet.
  • Søkar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og ha evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkrevd.
  • Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det i tillegg bli lagt vekt på allsidig og relevant undervisningserfaring, og yrkeserfaring frå grunnskule eller barnehagen.
  • Det blir lagt vekt på pedagogisk kompetanse og erfaring frå undervisningsarbeid i skule og/eller barnehage og/eller lærarutdanning/høgare utdanning.

Ønska kvalifikasjonarFormell praktisk-pedagogisk kompetanse. Om du ikkje har formell praktisk-pedagogisk kompetanse, får du tilbod om kurs i høgskulepedagogikk som du må ta innan to år frå tilsettingsdato.

Det er vidare ein fordel om søkaren har erfaring med pedagogisk bruk av IKT.

Personlege eigenskaparDu som søkar, må ha gode formidlingsevner og ha eit høgt etisk medvit i møte med studentar. Stillinga krev også at du både kan samarbeide og jobbe sjølvstendig, og vi vil legge vekt på om søkarane er personleg eigna for stillinga. Søkaren må kunne undervise og gi skriftleg tilbakemelding på norsk/nynorsk.

Sakkyndig vurderingSøkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan ertilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.Stillinga krev også at du både kan samarbeide og jobbe sjølvstendig, og vi vil legge vekt på om søkarane er personleg eigna for stillinga.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson på Høgskulen på Vestlandet:

  • Instituttleder Kristin Hinna, telefon: +47 55 58 59 40 / mobil +47 905 56 083

Søk stilling

Powered by Labrador CMS