Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i mat og helse

Søknadsfrist: 05.01.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil to faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor i mat og helse ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.


Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.
Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø.

Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Stillingane inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen. Instituttet er ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet, der målet med arbeidet er å styrka barnehagens og skulens rolle som helsefremjande arena, med fokus på fysisk aktivitet, ernæring, mat og måltid, og på skulefagene kroppsøving og mat og helse. Gjennom ulike kunnskap- og kompetanseutviklingstiltak skal vi bidra til økt kompetanse i utdannings- og helsesektor på desse områda. Dei ledige stillingane er primært retta inn mot dette arbeidet.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter inntil to personar med kompetanse innafor fagområdet mat og helse. Stillingane vil mellom anna inngå i instituttet si oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Aktuelle ansvars- og arbeidsoppgåver som ligg til stillingane:

  • Utvikle og formidle digitale, pedagogiske lærings- og undervisningsressursar og digitale pedagogiske verktøy innan mat- og helsefaget og arbeid knytt til mat og måltid i barnehage, SFO og skole (formidlast via mhfa.no)
  • Bidra i og gjennomføre oppgåver knytt til nasjonalt og regionalt arbeid innan kosthald/mat og måltid/mat og helse
  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften. Desse oppgåvene vil kunne vere knytt til blant anna Mat og helse i femårig grunnskolelærarutdanning med integrert master, Natur, helse og rørsle i barnehagelærarutdanninga, bachelorstudiet i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet og til masterstudie i barnehagekunnskap
  • Arbeidsoppgåver innan etter- og vidareutdanning, desentralisert kompetanseutviklingsmodell i skole (dekomp) og regional kompetanseutviklingsmodell i barnehage (rekomp), og/eller kurs og oppdragsverksemd
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttets fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonskrav:

For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga.

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Pedagogisk kompetanse i mat og helse og måltidsarbeid
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og/eller høgare utdanning
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, medrekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Relevant nasjonalt og internasjonalt forskarnettverk
  • Erfaring med digitalt utviklings- og formidlingsarbeid

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsetjingsdato jf. nasjonale rettleiande retningslinjer for UH-pedagogisk basiskompetanse, fastsett av Universitets- og høgskolerådet mai 2018.

Sakkunig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveforelesing. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentleglova kan opplysningar om søkaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterende instituttleder Ingrid Leversen, +47 55 58 75 33 / +47 408 51 895, ingrid.leversen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS