Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i idrett

Søknadsfrist: 22.04.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig inntil 3 vikariat i 100% som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i idrett for perioden 1.8.2019 til 31.7.2020.

Stillingane er knytt til Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er ein del av instituttet.


Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje mm.

Dei som blir tilsett skal undervise i kroppsøving og idrett på faglærarutdanninga (bachelor) og på grunnskulelærarutdanningane (GLU 1-7 og GLU 5-10). I tillegg kan det bli aktuelt med undervisning på andre studietilbod samt arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsverksemd avhengig av søkjaren sin kompetanse og det samla behovet ved instituttet.

Følgende arbeidsoppgåver er relevante:

  • Undervise, rettleie og vurdere studentar innanfor teoretiske og praktiske emner
  • Bidra i utviklingsarbeid gjennom fag- og forskingsmiljø innanfor profesjonsorienterte tema og aktuelle undervisningsområder
  • Utvikle studentenes praksisopplæring i samarbeid med andre aktører

Ekskursjonar er ein del av undervisninga ved instituttet og ein må ved behov delta på disse. I stillinga inngår ressurs til fagleg-administrativt arbeid.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarane må ha kompetanse i kroppsøving/idrett som er relevant for å kunne undervise i kroppsøving og idrett på faglærarutdanninga (bachelor) og på grunnskulelærarutdanningene (GLU 1-7 og GLU 5-10).

For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav. For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad i kroppsøving/ idrett eller tilsvarande utdanning med relevans for stillingsprofilen.

Søkjarane må ha undervisningskompetanse innan friluftsliv eller kroppsøving og idrettsfag i skulen. Fagområda vi søkjer særleg kompetanse i er nærfriluftsliv, kyst- og vinterfriuftsliv, kroppsøvingsdidaktikk, idrettsaktiviteter, dans, ferdigheitsutvikling og basistrening, treningslære, bevegelseslære, anatomi, motorikk og vitskapleg metode.

Søkjarane må ha kompetanse til å undervise i både teoretiske emner og fleire praktiske idretter og aktiviteter som er relevante for utdanningane.

Undervisningsspråket er normalt norsk. Søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, og i tillegg må søkjarane kunne gi undervisning på engelsk.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Det vil bli vurdert om søkjaren er personleg eigna for stillinga

Aktuelle kandidater til stillinga vil bli innkalt til intervju.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Som vedlegg till søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Søk stilling

Powered by Labrador CMS