Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i engelsk litteratur og kultur med fagdidaktikk

Søknadsfrist: 20.10.2019

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig to mellombelse stillingar i inntil 80% som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i engelsk litteratur og kultur med fagdidaktikk

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to mellombelse stillingar i inntil 80% som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i engelsk litteratur og kultur med fagdidaktikk for perioden 01.01.2020 til og med 30.06.2020.

Stillingane inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Arbeidsplassen er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillingane har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften. Dessutan oppfølging av studentane i praksis og vurdering av studentoppgåver. Desse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10) og til vidareutdanningstilbod i «Kompetanse for kvalitet».
  • I stillingane inngår ressurs til fagleg-administrativt arbeid, og det blir forventa deltaking i engelskmiljøet sitt faglege arbeid.
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonskrav:

For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i engelsk litteratur/ kultur eller innanfor engelsk litteratur-/kulturdidaktikk. For tilsetting som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, innanfor dei same fagområda som for førsteamanuensis. For tilsetting som høgskulelektor må søkar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat og med relevans for stillingsprofilen.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er engelsk, men søkarar bør meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett, må vere personleg eigna for stillinga.

Følgande tel positivt i vurderinga

  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt
  • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Internasjonal erfaring

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Aktuelle søkarar verta innkalt til intervju. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektorer løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleiar Dagmar Cejka, 55 58 57 86, dagmar.andrea.cejka@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS