Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i norsk

Søknadsfrist: 05.05.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett et det ledig inntil 4 mellombelse stillingar i 100% som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor i norsk for perioden 1.8.2019 til 31.7.2020.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald).

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet årsstudium i engelsk, masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stillingane er knytt til fagmiljøet i norskdidaktikk ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Bergen.

Norskmiljøet ved campus Bergen har om lag 30 tilsette. Dei fleste fast tilsette har førstekompetanse, vi har fire professorar og tre stipendiatar. Fagmiljøet er knytt til mange ulike forskingsgrupper, med omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid. Fagmiljøet er ved sida av barnehagelærarutdanninga og grunnskolelærarutdanningane for 1.–7. og 5.–10. trinn, knytt til mastergradane i Barne- og ungdomslitteratur og Undervisningsvitskap med fordjuping i norsk fagdidaktikk. Grunnskolelærarutdanningane er frå og med opptaket i 2017 integrerte masterløp. Vi gir også ei rekkje etter- og vidareutdanningstilbod, mellom anna innanfor etterutdanningsprogrammet Kompetanse for kvalitet og satsinga Kompetanse for mangfald, som båe er sett i verk av Utdanningsdirektoratet. Norskmiljøet bidrar også inn mot Utdanningsdirektoratet sine satsingar Ny modell for kompetanseutvikling i skolen og Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehagen

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og vurdering av studentoppgåver. Den som blir tilsett, må kunne undervise både i barnehagelærarutdanninga og i grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10). Arbeidsoppgåver innan etter- og vidareutdanning, inkludert satsingane for kompetanseutvikling i barnehage og skole er aktuelle.

Det er behov for tilsetting i inntil fire midlertidige stillingar. Fagmiljøet treng først og fremst fleire språklærarar, men det kan også vere behov for lærar som kan undervise i litterære emne.

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen.
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.
  • For tilsetting som høgskolelektor er det krav om mastergrad eller hovudfag i norsk/nordisk eller tilsvarande med gode resultat.
  • Søkjar må ha gode formidlingsevner og ha eit høgt etisk medvit i møte med studentar.
  • Søkjar må meistre norsk både munnleg og skriftleg.

Stillingane krev også at søkjar både kan samarbeide og jobbe sjølvstendig, og vi vil legge vekt på om søkjarane er personleg eigna for stillinga.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det også bli lagt vekt på:

  • Kompetanse i bruk av digitale verktøy i undervisningssamanheng
  • Allsidig og relevant undervisningserfaring, og yrkeserfaring frå barnehage eller grunnskule
  • Dokumentert praktisk-pedagogisk kompetanse
  • Vitskapleg arbeid som er relevant for lærarutdanning, inkl. barnehagelærarutdanning

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Som vedlegg til søknaden må søkarane også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer søkarens pedagogiske kvalifikasjonar

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli ikalla inn til intervju og kan bli bedne om å halde prøveforelesing

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida
  • Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson på Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande instituttleiar Morten Rønning, tlf. 55 58 59 31

Søk stilling

Powered by Labrador CMS