Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i matematikkdidaktikk

Søknadsfrist: 16.06.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig inntil tre mellombelse stillingar i 100% som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor i matematikkdidaktikk for perioden 1.8.2019 - 31.7.2020.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet årsstudium i engelsk, masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stillingane er knytt til Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og vurdering av studentoppgåver. Du må kunne undervise både i grunnskulelærarutdanningane (1–7 og 5–10) og i barnehagelærarutdanninga. Arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsverksemd kan også vere aktuelt, avhengig av kva kompetanse du har, og instituttet/fagmiljøet sine behov.

Kvalifikasjonskrav:

  • Søkarar må ha minimum mastergrad eller utdanning på tilsvarende nivå innan matematikk/ matematikkdidaktikk med gode resultat.
  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkar i tillegg ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen, og ha en sterk interesse for matematikkdidaktikk og matematikkutdanning.
  • For tilsetting som førstelektor må søkar i tillegg ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.
  • Det blir lagt vekt på pedagogisk kompetanse og erfaring frå undervisningsarbeid i skule og/eller barnehage og/eller lærarutdanning/høgare utdanning.
  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og ha evne til å arbeide sjølvstendig. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkrevd. Søkar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det i tillegg bli lagt vekt på allsidig og relevant undervisningserfaring, og yrkeserfaring frå grunnskule eller barnehage.

Ønska kvalifikasjonarFormell praktisk-pedagogisk kompetanse.

Det er vidare ein fordel om søkaren har erfaring med pedagogisk bruk av IKT.

Personlege eigenskaparSøkar må ha gode formidlingsevner og ha eit høgt etisk medvit i møte med studentar. Stillinga krev også at søkar både kan samarbeide og jobbe sjølvstendig, og vi vil legge vekt på om søkarane er personleg eigna for stillinga. Søkaren må kunne undervise og gi skriftleg tilbakemelding på bokmål/nynorsk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Som vedlegg til søknaden må søkarane også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer søkarens pedagogiske kvalifikasjonar

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og kan bli bedne om å halde prøveforelesing

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson på Høgskulen på Vestlandet:

  • Instituttleder Kristin Hinna, telefon: +47 55 58 59 40 / mobil +47 905 56 083

Søk stilling

Powered by Labrador CMS