LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis i økologi

Søknadsfrist: 07.05.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

 Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund. 

Institutt for bygg, miljø- og naturvitenskap held til ved HVL sine campusar i Bergen og Sogndal og driv forsking og utdanning innanfor bygg- og anleggsfag, areal og landmåling, energiomstilling, klimaendringar og klimatilpassing, byplanlegging, og naturvitskap. Instituttet har om lag 100 tilsette frå 20 nasjonar og 900 studentar

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig stilling som førsteamanuensis i økologi ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast stilling som førsteamanuensis i økologi. Stillinga er ledig frå 01.08.2025. 

Stillinga er lagt til Institutt for bygg, miljø- og naturvitskap med arbeidstad campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

Den som vert tilsett i stillinga får ansvar for undervisning på bachelor- og masternivå i emna; Statistikk, Fundamental Research Methods, og Landskapsøkologi. Til stillinga ligg forskings- og utviklingsarbeid innafor landskapsøkologi og geografisk utbreiing av arter ved bruk av geografiske informasjonssystem (GIS).

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i stilling som førsteamanuensis går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven 

Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad i terrestrisk økologi
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga*
  • God kompetanse i økologisk modellering og bruk av GIS og statistikkprogrammet R
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing på norsk og engelsk ved universitet og/eller høgskule
  • Undervisningsspråket er norsk, og søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, dansk eller svensk i tillegg til engelsk
  • Erfaring frå deltaking i FoU-prosjekt
  • Erfaring frå tverrfagleg utdannings- og forskingssamarbeid 

Personlige eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner på tvers av fagdisiplinar
  • Evne til sjølvstendig arbeid
  • God formidlingsevne og god kommunikasjon med både studentar og kollegaer
  • Initiativrik 
  • Bidra konstruktivt til eit godt arbeidsmiljø

*Utdanningsfagleg kompetanse:For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Søk stillinga

Spørsmål om stillinga

  • Kristin Myhra Sæterdal (Assisterande instituttleiar), +47 57 67 60 63, kristin.myhra.seterdal@hvl.no
Powered by Labrador CMS