LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Professor / Førsteamanuensis / høgskulelektor innan medisinsk laboratorieteknologi

Søknadsfrist: 29.01.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Kvart år uteksaminerer vi 3000 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.

HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane. Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.

HVL sin visjon er "Kunnskap som byggjer menneske og samfunn". Strategiske ambisjonar og mål har særleg merksemd på berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon, forankra i våre verdiar - inkludere, utfordre og samhandle - som kjenneteiknar identiteten og kulturen hos oss.

Med verknad frå 1. januar 2024 blir det etablert eit nytt fakultet ved HVL, som er resultat av ei samanslåing av dagens Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Fakultetet vil romme eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innanfor ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrativefag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi og i nautiske operasjonar.Det nye fakultetet vil ha om lag 5 700 studentar og 500 tilsette. Hovuddelen av fakultetet si verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men fakultetet har aktivitet ved campus Stord.

 Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig to faste 100% stillingar som Professor / Førsteamanuensis / Høgskulelektor ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet, fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap er det ledig to faste stillingar som Professor / Førsteamanuensis / Høgskulelektor i fagmiljøet tilknytt det nyetablerte masterprogrammet i Medisinsk laboratorieteknologi og bachelorprogrammet i Bioingeniørfag.

For å rekruttere tilsette med relevant kompetanse kan det være aktuelt å dele den eine stillinga i to 50 % stillingar.

Arbeidsstaden er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere relaterte til undervisning- og forsking.

Undervisning og rettleiing vil vere både på master- og bachelornivå. I starten av tilsetjingsperioden vil utvikling og undervisning av nye emne til masterprogrammet vere ei sentral arbeidsoppgåve. Det nye masterprogrammet i Medisinsk laboratorieteknologi har nett- og samlingsbasert undervisning.

Fagmiljøet er organisert i forskingsgruppa BIOMARG, som har ei rekke ulike prosjekt innan forsking, utvikling og innovasjon. Det er ønskeleg at den som vert tilsett deltar i BIOMARG, både med nye prosjekt og som aktiv deltakar i eksisterande prosjekt.

I høve oppretting av eit nytt masteremne om Kvalitetssikring av medisinske laboratorieanalysar, er det naudsynt å styrke fagmiljøet sin kompetanse på dette fagområdet. Det er viktig at alle laboratoriemedisinske spesialitetar er representert i fagmiljøet og ein vil difor gjere ei samla vurdering av søkjarane sin kompetanse.

Tilsette i dei to stillingane skal ha følgande arbeidsoppgåver:

  • Utvikling og undervisning av emne i medisinsk laboratorieteknologi, på master- og bachelornivå.
  • Forsking og utvikling relatert til fagområdet.
  • Rettleiing av studentar i praksis.
  • Rettleiing av studentar i bachelor- og masteroppgåver.
  • Fagutvikling og kvalitetsarbeid ved utdanninga.
  • Administrative oppgåver tilknytt utdanningane.

Kvalifikasjonar:

 Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetjing som professor / førsteamanuensis er det krav om norsk doktorgrad innanfor stillinga sitt fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjend som likeverdig med norsk doktorgrad
  • For tilsetjing som høgskulelektor, må søkjar ha mastergrad innanfor fagområdet og relevant praksis
  • Det er ønskeleg at den som får stillinga er utdanna bioingeniør
  • Forskingserfaring innan medisinsk laboratorieteknologi
  • For ein av stillingane er det nødvendig med kompetanse innan kvalitetssikring av medisinske laboratorieanalysar.
  • Utdanningsfagleg kompetanse
  • Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk i tillegg til engelsk. Søkjarar som ikkje stør kravet til norsk/skandinavisk språk, kan tilsetjast dersom språkkravet kan oppfyllast innan 2 år etter tilsetjing. Ein plikter då å gjennomføre kurs i norskopplæring i løpet av denne tida.
  • Søkaren må ha gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.

 Ønska kvalifikasjonar:

  • Ein venter at søkjaren bidrar til eksternt finansiert forskingsaktivitet. Søkjarar bør difor kunne dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Relevant klinisk arbeidserfaring.
  • Gode IKT-kunnskapar og ferdigheiter.
  • Erfaring med bioinformatikk og programmering.

 Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig er viktig.
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne vil vektleggast..
  • Evne til formidling vil vektleggast.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil verte vektlagde. Røynsle, ambisjonar og potensial i forsking vil òg telle ved vurdering av kandidatane.

 Utdanningsfagleg kompetanse:Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

 Særeigne krav til stillinga

HVL er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved handsaming av søknadar til stillinga.

 Særskild om utdanningsfagleg kompetanse:

For stilling som professor / førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV, jf. HVL sine kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetjing og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava til utdanningsfagleg kompetanse, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i universitetspedagogikk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søkjarar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (Master / PhD.) er likeverdig med tilsvarande utdanning frå Norge. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Opphalds- og arbeidsløyve i Norge er eit vilkår for å tiltre stillinga. 

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillingane er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 Professor / 1011 Førsteamanuensis / 1008 Høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Førsteamanuensis, Line Wergeland, tlf.: 55 58 55 08
  • Førsteamanuensis, Gry Sjøholt, tlf.: 55 58 72 24

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS