Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.
Institutt for bygg, miljø- og naturvitenskap held til ved HVL sine campusar i Bergen og Sogndal og driv forsking og utdanning innanfor bygg- og anleggsfag, areal og landmåling, energiomstilling, klimaendringar og klimatilpassing, byplanlegging, og naturvitskap. Instituttet har om lag 100 tilsette frå 20 nasjonar og 900 studentar
Spennande undervisningsstilling innan landskapsarkitektur
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig undervisningsstilling som landskapsarkitekt ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap
Vil du bli ein del av eit tverrfagleg miljø med aktive fagfolk i eit inkluderande arbeidsmiljø? Her får du jobbe med formidling av fagkunnskap til unge menneske som utdannar seg til å jobbe med planlegging og utforming av landskapet rundt oss, og ta del i forsking på mellom anna arealendringar, naturrestaurering og klimatilpassing. Høgskulen på Vestlandet søkjer landskapsarkitekt i fast stilling som førsteamanuensis eller høgskulelektor med tilsetting frå august 2025.
Stillinga er lagt til institutt for bygg, miljø- og naturvitskap og har arbeidstad ved campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsområde:
Den som vert tilsett i stillinga skal undervise på bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur i emna; Rom og Design, Landskapsinngrep, Landskapsanalyse og Grønstruktur og urban vegetasjon. I stillinga er det moglegheiter for forskings- og utviklingsarbeid (FoU).
For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad innan fagområde og utdanning som landskapsarkitekt
For tilsetting som høgskulelektor er kravet utdanning som landskapsarkitekt
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga*
God innsikt og erfaring i bruk av digitale verktøy som t.d. GIS og AutoCAD
Undervisningsspråket er norsk, og søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, dansk eller svensk i tillegg til engelsk
Ønska kompetanse:
Vi er særleg interessert i søkjarar med kompetanse i skjeringsfeltet mellom landskapsarkitektur, planlegging og økologi, og interesse for biologisk mangfald og berekraftig planlegging.
Erfaring frå undervisning og rettleiing ved universitet og/eller høgskule
Kunne arbeide proaktivt å ta initiativ som styrkar fagmiljøet og utdanningane
Personlige eigenskapar:
Gode samarbeidsevner på tvers av fagdisiplinar
Evne til sjølvstendig arbeid
God formidlingsevne og god kommunikasjon med både studentar og kollegaer
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1008 høgskolelektor
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.