Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Vikariat som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i vernepleie

Søknadsfrist: 01.03.2020

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig to vikariat som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i vernepleie

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram, samt Ph.d.-studiet "Helse, funksjon og deltaking". Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal.
Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ved Institutt for velferd og deltaking er det ledig to eittårige vikariat i 100% stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i vernepleie knytt til bachelorutdanninga i vernepleie.

Det eine vikariatet er ledig frå 1.4.2020 medan det andre er ledig frå 1.8.2020.

Arbeidsplassen for stillingane er Campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning innan vernepleie, mellom anna i helsefaglege område som anatomi, fysiologi, sjukdomslære, farmakologi, legemiddelrekning og helsefaglege prosedyrar
  • Oppfølging og rettleiing av studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Skriftleg og munnleg tilbakemelding på studentarbeid, og sensurarbeid
  • Forsking og fagutvikling i vernepleiefaglege problemstillingar
  • Koordinering av studiar, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid
  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt

Sjølv om stillingane er knytt til bachelorutdanninga i vernepleie, vil dei som blir tilsett kunne få undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved dei andre studietilboda i fakultetet.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

I tillegg til dei generelle kompetansekrava som gjeld for stilling som førsteamanuensis, førstelektor og høgskulelektor (jf. "Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger" - https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129), vert det stilt følgjande krav til stillingane:

  • Avlagt Ph.D-grad eller dokumentasjon på førstelektorkompetanse innanfor relevante fagområde, eller relevant mastergrad/hovudfagsutdanning
  • Profesjonsutdanning i vernepleie eller sjukepleie
  • Kunnskap om og arbeidserfaring med menneske med funksjonsnedsetjingar
  • Praktisk pedagogisk kompetanse i samsvar med forskrifta
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, og på engelsk
  • God IKT-kompetanse
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, nye undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid

Dersom den som vert tilsett ikkje stør krava til praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller erfaring frå undervisning og rettleiing, vil det bli stilt krav til vedkommande om å gjennomføre kvalifiserande opplæringstiltak.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Vernepleiar eller sjukepleiar med kunnskap og erfaring innan helsefagleg arbeid i førstelinjetenesta

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Interesse for å utvikle vernepleieutdanninga
  • Evne til å ta initiativ, både til faglege og sosiale aktivitetar
  • Gode samarbeidsevner
  • God evne til formidling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadane vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no når søknadsfristen går ut.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, dette gjeld vitskaplege arbeid, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 høgskulelektor, 1198 førstelektor eller 1011 førsteamanuensis.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og auke rekrutteringa av personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Fagseksjonsleiar Unni Margrethe Uren Aasen, e-post: unni.margrethe.uren.aasen@hvl.no / mob. +47 977 10 938
  • Instituttleiar Svanaug Fjær, e-post: svanaug.fjer@hvl.no / mob. +47 918 89 744

Søk stilling

Powered by Labrador CMS