Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i historie
Søknadsfrist: 26.03.2026
Publisert
Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.noHedvig Myklebust
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 200 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei 2-årig midlertidig stilling i 100 % som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i historie ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Stord
Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag og er ledig i tida 01.08.2026-31.07.2028.
Arbeidsstaden er campus Stord.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i universitets- og høgskuleforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanninga, praktisk pedagogisk utdanning og master i didaktiske praksisar. Oppgåver innan etter- og vidareutdanning kan også bli aktuelt.
Den som blir tilsett må kunne undervise i både eldre og nyare historie, samt historiedidaktikk.
Noko av undervisinga vil finne stad på campus Bergen. Noko reising må såleis påreknast.
Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen er påkravd
FørsteamanuensisFor tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i historie eller eit fagområde med høg relevans for undervisning i historie.
FørstelektorFor tilsetting som førstelektor må søkar ha høgare grads eksamen eller tilsvarande i historie eller eit fagområde med høg relevans for undervisning i historie. Søkar må ha relevant yrkes- og undervisningserfaring, samt ha bidratt til fagleg utviklingsarbeid på høgt nivå, i samsvar med internasjonale eller nasjonale standardar innan fagområdet/yrkesfeltet.
HøgskulelektorFor tilsetting som høgskulelektor må søkar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen, samt relevant yrkes- eller undervisningserfaring.
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.
Det tel positivt i vurderinga at søkar har fagdidaktisk kompetanse og relevant erfaring frå forsking og/eller undervisning.
Utdanningsfagleg kompetanseSøkar må ha pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanningUtdanningsfagleg kompetanse (pedagogisk CV og mappe) vil ikkje bli spesielt vurdert ved tilsetting i midlertidig stilling.
SpråkkravUndervisningsspråket er til vanleg norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Då stillinga er midlertidig er det ikkje inkludert FoU-tid i arbeidsåret.
HVL/Ingvild F. Melien
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkaren sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
vitskapleg arbeid (inntil 5 stk)
fullstendig publikasjonsliste
attestar og vitnemål
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggast ved som lenke.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadene blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - Førsteamanuensis / 1198 - Førstelektor / 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskjet ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt ekportkontrollforskriften. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.